mandag, januar 31, 2011

Bok nr.8 - 2011: Sukkerdøden.

Denne boka har Solveig lagt inn på MP3-spelaren min, derfor har eg ikkje cover å scanne, men viser bilde av papirutgåva.
Eg har alltid likt å lese krim, men etter at eg har begynt med lydbøker, har eg i grunnen fått nok av sjangeren, derfor må ei krimbok ha noko eksta viss eg skal like den.Unni Lindell sine bøker har eg lese, men aldri vore spesielt begeistra for, likar dei betre som krimserie på TV.
Eg las ut denne boka til tross for at den ikkje engasjerte meg noko særlig. Å seie at det er ei dårlig bok, blir likevel feil, den er berre så altfor lik andre bøker i samme sjanger. Som avslappande underhaldning er den grei nok.Solveig har vel skrive meir positivt om boka?

4 kommentarer:

arieldog sa...

Såg du programmet om Lindell søndag? Eg vart overraska over kor lettrørd ho var - ein tenkjer seg ein krimforfattar som litt meir hardbarka...

Besta sa...

Ja, eg såg programmet, det var fint og rørande, og eg fekk nesten dårlig samvit for at eg ikkje likar så godt bøkene hennar.Men kanskje ho kan skrive bøker om forfedrane sine slik som Hoem? Meir spennande med slektsforskning enn med narkotika og drap!

Hildegard sa...

Eg er nett ferdig med lydboka "Turneren" av Knut Faldbakken. Grei krim frå Hamardistriktet. Har ogå høyrt ferdig "I kjølvannet" av Per Petterson, har litt sansen for hans stil. Har tidlegare lese "Ut og stjæle hester" og "Jeg forbanner tidens elv". Det blir ikkje så mykje lese med meg, men har vore litt småforkjøla og slapp og då er det greitt å liggje på sofaen med ei lydbok. Utvalget er ikkje stort her, spesielt på lydbøker.
Eidabesta

Besta sa...

Eg har likt alle Peterson sine bøker,har i tillegg til dei du nemner også lese Til Sibir. Turneren er det ei god stund sidan eg har lese, men den var bra. No har eg begynt på ei bok som eg trur det blir vanskelig å legge frå seg. "Noen kjenner mitt navn"-heiter den. Lydbøker er veldig greitt når ein må ligge, det er ein av grunnane til at eg har satsa på det.Eg må ofte legge meg nedpå på grunn av ryggen. Du må berre få biblioteket til å kjøpe inn! Fleire og fleire blir hekta på lydbøker.Eg har slutta å kjøpe bøker; biblioteket er ein fin institusjon.Og gratis.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...