lørdag, januar 15, 2011

Vermelding 15.januar 2011

Klokka nærmar seg 14.00. Ute er det overskya og + 5 grader. Bilda har eg tatt frå altanen vår opp mot garasjen og bort mot  naboen. Det skal nokre varmegrader over tid til å smelte alt dette. Trøsta er at det var bortimot dobbelt så mykje snø i fjor.Mange er sikkert glade for mildveret- eg er det ikkje. Eg er fri all verk, nesten, når det er tørt ver, sjølv om det er kaldt, men når lågtrykka kjem, protesterer kroppen! Eg trøster meg med at for andre er det stikk imot.
Eg orka ikkje å fare til Vik i dag, så Nils for åleine. Eg har brukt føremiddagen til å bake brød og rundstykke, stort sett.( Og vore på data innimellom) No skal eg lage fiskesuppe til middag. Etterpå flatar vi vel ut?


2 kommentarer:

solveig sa...

Eg er lei av is utanfor alle dører! Vegane her er dårleg skrapa, så dei er holete og ekle. Så eg må innrømme at eg liker det milde veret.

Besta sa...

Ja, altså, eg kjenner det i kne og hofte og er ikkje bra, så viss det er veret si skuld, vil eg heller ha minus 10.

Dagbok 2024 : 20.november

Storebakken i dag Klokka er no 17.13, temperaturen ute er 0 grader og det har vore opplett i dag. Det har på mange måtar vore fint i dag, vi...