lørdag, januar 22, 2011

Vermelding 22.januar 2011

Klokka er snart halv tre. Temperaturen er + 2 grader, det regnar, og skodda ligg heilt ned. I tillegg ligg det is på vegar og fortau over alt, så det er med livet som innsats ein gir seg til å gå ute. Hovudvegane er sjølvsagt berre. Eg er på grensa til å bli litt versjuk.
Vi var ein tur på Amfi, men der er det så fullt om laurdagane, og mest frammande folk, så vi vart ikkje verande så lenge. Måtte ned fordi vi hadde ærend på apoteket. KIarte å stolpre med opp i gågata også, men der skjedde det absolutt ingen ting. Ikkje at eg venta det heller.
Då vi kom heim, var Ruth og Harald innom ei lita stund, dei skulle vidare.Men det var no kjekt å få prate litt med dei. No skal eg lage ein enkel middagsrett av ein boks kjøttbollar og ein pakke suppegrønsaker.Den oppskrifta har eg prøvd ut før.

3 kommentarer:

Elin sa...

Suppegrønsaker frå Findus eller anna merke er topp! Du las kanskje at vi har den type middag rett som det er. Med mager pølse.

Hildegard sa...

Eg likar godt betasuppe, enkelt, billeg, sunt og godt.
Eidabesta

Besta sa...

Viss ein har god kraft med skikkelig smak er det godt. Den suppa vi hadde i dag var ein simplare variant. Men OK.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...