Eg har lese bøker av denne forfattaren før og likt dei. Harlan Coben skriv mykje om relasjonar, i denne boka mest om tilhøvet mellom foreldre og barn, men også om det mellom mann og kone, lærar og elev og mellom venner. Ja, det blir nesten i meste laget. Eitt av hovudspørsmåla er: Kor mykje skal foreldra prøve å kontrollere barna sine når dei begynner å bli "vaksne"? Her er også andre interessante problemstillingar som engasjerer.
Her er mange parallellhandlingar; så mange pesonar og scener at ein stakkar, som høyrer det på lydbok, kan ha sitt fulle hyre med å halde greie på alt. Dette er ei bok som ein absolutt skulle hatt ei rolleliste til. Alle trådar blir for såvidt nøsta opp til slutt, men etter mi meining er ikkje romanen strengt nok komponert.Slutten blir til overmål dramatisk.
Det eg blir veldig lei av, er at forfattaren heile tida kjem i mellom teksten og lesaren og kommenterer og forklarer. Eg meiner at viss teksten er god nok, skulle ikkje det vere naudsynt. Konklusjonen min er: Innhaldet er godt, men forma og språket held ikkje mål. Likevel vil eg ikkje fraråde folk å lese boka.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 19.juni
Her har eg prøvd kantklipparen bort under buskene, men så kom regnet. Klokka er no 16.01, temperaturen ute er + 13 ...

-
Her har eg prøvd kantklipparen bort under buskene, men så kom regnet. Klokka er no 16.01, temperaturen ute er + 13 ...
-
Klokka er no18.16. Temperatren ute er +14 grader og det er nokså mykje skyer på himmelen. Eg har hatt ein nokså kjedelig dag, mest fordi e...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar