søndag, januar 30, 2011

Rivjern eller rasp.


Eg likar å rive gulrøtene "fint" på ei gammaldags rasp eller rivjern når eg lagar gulrotkake eller riv gulrøter til middag. Eg har sjølvsagt ein foodprosessor, men den riv ikkje fint nok.
I går fann eg eit Columbi egg på Coop Byggmix i Volda: Ein plastboks med tre lok og antigli-gummilist under. Det eine loket var ei grov rasp, det andre ei fin rasp og det tredje eit tett plastlok.Det såg veldig praktisk ut. Her kunne ein rive gulrøtene rett i plastboksen utan mellomledd, og så sette den i kjøleskapet. I dag skulle eg prøve vidunderet -men akk o ve! Det funka ikkje særlig bra. Raspa hadde problem med å få has på gulrøtene, og noko av det vesle som vart sundrive låg att oppå loket. Då gikk eg i skuffa og fann fram gamleraspa- og då vart  jobben gjort. Eg filosoferte litt undervegs: Når eg i 2011 raspar gulrøter på om lag same slags rasp som mor mi brukte for 70 år sidan, så må det vere fordi denne har vist seg å halde mål. Kjem nok til å halde fram med å bruke den gode, gamle; plastboksen med lok kan no brukast til så mangt.
Dette er den "finaste" raspa på min foodprosessor-av merket Braun, men ikkje så veldig gammal.

3 kommentarer:

solveig sa...

Du har gjort deg same erfaring som meg. Den med plastlok fungerer som reserve. Av og til er rivjernet brukt til gulro før ost t.d.

solveig sa...

gulrot sjølvsagt

Elin sa...

Eg fekk etter ønskje ein sånn trekanta, fin rasp til jul for 2 år sidan, den er heller ikkje særleg praktisk fordi den ikkje er så lett å reingjere. Så har eg kjøpt meg Tupper-rasp (til ost, neter og mandlar), den er veldig praktisk, men har mange delar å halde styr på...
Det enkle er vel ofte det beste!
Elles så er no det finaste stillet på min food processor veldig veldig fint, så kanskje du har ein annan? Min er ein gammal Braun.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...