søndag, januar 16, 2011

Vermelding 16.januar 2011

Klokka er snart kvart på 11, temperaturen er + 5 grader og det er overskya. Vindstyrke er det ikkje ofte eg tek med, for her hos oss er det nesten aldri vind og blest, men kanskje stormane som er varsla kjem hit også, denne gongen. I dag er det blankis med vatn oppå ute på tunet, så det er sikkert ikkje lett å fote seg. Derfor har Nils funne litt singel attmed husveggene som han har strødd med. Vi skal til Hareid i dag, som sagt; dit kjem også Margrete og ungane, så då blir vi ein bra flokk, men heilt fulltallige blir vi sjeldan og aldri sidan Rasmus & co er så langt borte.Har vent meg til tunnelen no, og det er godt å sleppe og ta omsyn til ferjetider.Vi får sikkert ein trivelig dag.

Vi har 11 barnebarn, men berre tre av dei er jenter. Her er dei tre. To av dei er systrer, kanskje er det ikkje så lett å sjå kven det er? Dette bildet tok Solveig på Hareid i dag. Den eldste av jentene hadde sett seg bruk i heklasjalet som ho hadde fått av si mor, som hadde fått det av si mor, som hadde fått det av si mor,som hekla det.
                               

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024 : 20.november

Storebakken i dag Klokka er no 17.13, temperaturen ute er 0 grader og det har vore opplett i dag. Det har på mange måtar vore fint i dag, vi...