onsdag, januar 26, 2011

Vermelding 26.januar 2011

Klokka er 12.15, temperaturen er minus 2,5 grader C,og det er lettskya, fint ver. I dag fekk vi sjå sola berre ei bitte lita stund, då kom skyene. Akkurat no er ho bak Melshornet i alle fall.
Nils står i garasjen og fileterer sei. Eg har bruna kjøt og lagar hjortegryte som skal i frysaren til eit seinare høve. Så skal eg lage ein liten porsjon fiskekaker, som vi skal ha til middag i dag. Skal bruke Bodil si oppskrift, som eg har oppdaga er den same som Wenche i God morgen Norge har i boka si. Kjøpte boka på tilbud for litt sidan.
Fekk endelig strikka ferdig skjerfet til Margrete i går kveld, men eg veit ikkje om det var derfor eg verkte slik i natt. Har vore så bra i vinter, no ser det nesten ut til at det er slutt på dei gode dagane. Men eg har ei råd, og det er Smerteklinikken i Volda.
I morgon har vi tenkt oss ein tur til Eid, no er det lenge sidan vi har vore der. Ja, det er no vår eiga skuld, det har ikkje skorta på invitasjonar.Gler oss til den turen.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Ja, det er oppskrifta frå "W's kjøkken" som eg kopierte frå heimesida til "God morgen Norge" i nov. W er den dyktigaste i gmn, tykkjer eg, må ha med meg hennar (dessverre) få minutt om morgonen. Trasig med all reklama, men då får ein tid å ordne frukost m.m.

Besta sa...

Eg brukar som regel å ha TV ståande på om morgonen, men det blir ikkje til at eg ser så mykje på det. Vi(eg) er relativt seint oppe og då kan eg ikkje sette meg til å sjå TV, synest eg.I dag hadde eg mindre salt enn oppskrifta i fiskekakene, og då vart dei for lite salte,så målet i oppskrifta er sikkert rett.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...