No er klokka 18.40. Temperaturen ute er + 1- 2 grader C. Det har vore relativt bra ver i dag, men overskya. Ventar på sol og energi-kick ! I går var eg ikkje stort tess, men i dag har eg vore bra. Hadde ein tur på biblioteket , men fann ikkje noko nytt og spennande på lydbokfronten. Var innom Coop og handla litt mat, og på Jernia og kjøpte noko småtteri. Må berre ha ein liten tur ut for å sjå folk.
Til middag kjøpte vi oss ein grilla kylling + potetsalat og loff. Ikkje direkte sunt altså. For ein gongs skuld fann eg ein potetsalat som eg likte. Den passa i alle fall til kylling, den var smaksrik til den smaklause fuglen.(Men eg lurer litt på kor lenge dei potetene kan kallast nykokte?)
Elles har eg lagt på daybeden og lese i krimboka eg held på med og samla energi. Kan seie det slik at eg har lagt på ladding ! Internett har vore ute i heile dag, så eg har ikkje site framfor skjermen i alle fall.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
2 kommentarer:
Potetsalat er helst sommarmat for meg, og denne har eg ikkje smakt. Har du lese alle bøkene eg lånte i dag?
Kylling og potetsalat er noko vi tyr til når vi ikkje har gjort klart noko til middag før vi går til butikken. Ikkje min favoritt i det heile tatt.
Legg inn en kommentar