mandag, januar 10, 2011

Vermelding 10.januar 2011

Klokka er snart halv åtte, og det er for seint å ta bilde ute. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, men Nils seier at det er opplett. Sist natt var det visst eit fæla ver, men om natta søv eg vanligvis og har inga aning om kva som skjer. Det har vore + grader før i dag, men no ligg temperaturen på 0 grader.
I dag har vi hatt besøk av Margrete og ungane + Voldastudenten. Vi hadde svineribbe, medisterkaker og medisterpølser til middag. Kaker og dessert + kaffi etterpå. Så det vart nesten julestemning kva maten angår. Første gongen vi har hatt besøk i 2011.

2 kommentarer:

solveig sa...

Vi løyvde ikkje middag til han i dag ... Her var dei svært fornøgde med pulvermat, (Toro stroganoffgryte) noko vi sjeldan har.

arieldog sa...

Deilig middag og triveleg selskap!

Dagbok 2026: 29.mars

I går var her mange på besøk, men i dag var eg her åleine igjen, men eg lid inga naud på nokon måte, og i dag hadde eg rikeleg med god mat s...