Klokka er snart halv åtte, og det er for seint å ta bilde ute. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, men Nils seier at det er opplett. Sist natt var det visst eit fæla ver, men om natta søv eg vanligvis og har inga aning om kva som skjer. Det har vore + grader før i dag, men no ligg temperaturen på 0 grader.
I dag har vi hatt besøk av Margrete og ungane + Voldastudenten. Vi hadde svineribbe, medisterkaker og medisterpølser til middag. Kaker og dessert + kaffi etterpå. Så det vart nesten julestemning kva maten angår. Første gongen vi har hatt besøk i 2011.
2 kommentarer:
Vi løyvde ikkje middag til han i dag ... Her var dei svært fornøgde med pulvermat, (Toro stroganoffgryte) noko vi sjeldan har.
Deilig middag og triveleg selskap!
Legg inn en kommentar