onsdag, august 05, 2026

Dagbok 2026: 5.august


 Klokka er no19.00,temperaturen ute er+18 grader C, det er overskya men opplett. Men det har nok vore regn sist natt også. Denne sommaren har eg ikkje vatna mykje med slangen, men det er no greit at det regnar om natta viss vi får sol om dagen. Det har ikkje vore mykje sol i dag- På bildet over her ser vi eit stykke av plenen . Solveig og Øystein kom på besøk og Øystein rakk å klippe resten av plenen, det går litt fortare når han klipper enn når eg styrer med det. Eg klipte litt i går, men ein kan ikkje klippe så lenge med det klipparen vi har no, for den går på batteri, og då må ein ladde opp og det tek tid.At plenen ser litt stripete ut kjem av at der er mose i botnen. 

Som sagt fekk eg besøk i dag og Solveig hadde sørga for blomster til grava, så ho og eg var ein tur på gravplassen. Eg hadde ikkje hugsa å ta med telefonen så eg fekk ikkje tatt bilde. Den blomsten som stod der frå før tok eg med heim og planta i garasjebeddet, så kjem den kanskje att neste år. Eg brukar å gjere det slik.

Eg går og ser på bæra eg har i hagen, og viss det går som eg tenkjer, kjem eg til å plukke ein god del solbær Eg kjem ikkje til å sylte noko , men Solveig gjer det sikkert.

Eg såg på det einaste plommetreet vårt, men der såg eg ikkje ei einaste plomme. Det store gamle epletreet har heller ikkje kome med frukt, men det er kanskje for tidleg. Ja, dei epla blir kasta uansett så det er greitt om det ikkje kjem noko.

 Eg sit her og tenkjer på at det er fredagskveld, fordi eg tok "fredagsvasken"i dag - men det er berre onsdag. Og i morgon skal eg endeleg få kome til frisør og klippe håret mitt. Det vart lenger å vente enn eg hadde tenkt, eg ville vente til eg hadde bilen igjen-og det har eg no.Så håper eg at blir fornøgd med frisyren-den har vore litt uferdig den siste tida. No blir det vel TV det meste av kvelden, eg har enno ikkje tatt sjansen på å strikke-veit ikkje korleis høgre handa vil like det.Men eg kan no prøve viss eg vil.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 5.august

 Klokka er no19.00,temperaturen ute er+18 grader C, det er overskya men opplett. Men det har nok vore regn sist natt også. Denne sommaren ha...