tirsdag, november 05, 2013

Eid i gamle dagar 4

Her er vi komne fram til 1963, det året Solveig var fødd. Vi budde på Raudeberg den tida, men eg ser ikkje bort frå at eg var på Eid i mai månad. Det ser ut som om dette er folketoget. Barnetoget starta alltid frå sjukehuset og gikk bort på Plassen, det no så kjende Malakoff.
Folketoget starta ved det gamle kommunehuset og gikk ned Simabrekka, gjennom gata og så er eg ikkje så sikker på kvar det slutta. Kanskje på Plassen, det også?
Det gamle kommunehuset vart også brukt til Fylkesskulen, seinare kalla Folkehøgskulen; det brann ned, men det var etter at eg hadde flytta frå Eid.
Det var berre ei gate på Eid, og den heitte Gata, og dett var dett. Seinare fekk den namnet Eidsgata. Gata var lang, med små og store hus på begge sider. Dei eldste og minste husa vart rivne før Gata vart "freda". Elles har dei vore flinke å bygge nye hus og bygge om gamle hus, slik at dei står i stil med den gamle byggeskikken. Det vart først gjort nokre flauser, men etter kvart har det blitt betre.
Dei fem åra vi budde på Plassen, var Gata skulevegen min.
Til venstre i bildet kan de sjå eit lite skilt med Kafe. Det er Siggen Lefdals kafe der vi kunne sitte i timesvis med ei flaske Solo på deling, og spele plater på den einaste Jukeboxen som fantest på staden.Trur det var 25 øre pr. plate, men sikker er eg ikkje.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg meiner eg har feira 17. Mai på Eid, men anar ikkje kor gammal eg kan ha vore. Truleg var det før eg begynte på skulen?
Det er kjekt du skriv! Elevane mine har fått i lekse å intervjue besteforeldre om matvanar dei siste 50 åra og om det eg kallar maskinparken.
Utviklninga har vore enorm!

Besta sa...

Vi feira i alle fall 17. mai på Eid det året Stein Inge vart fødd, og sikkert før den tid også.

kosut sa...

Hei, Olaug. viss du ser litt nøyare på biletet, så ser du at det er turnjenter som defilerer, dei er vel på veg til oppvisning i Øyane. Kosleg blogg du har, heilt tilfeldig at eg kom inn på den. Ser ut som vi har mange felles interesser. Stå på, helsing Kirsti Os Utnes frå Nordfjordeid.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...