Klokka er no20.35 , temperaturen ute er minus 5 grader og det står på skjermen at det er klarver, det er så mørkt ute at eg ser ikkje alt.
I dag var det såpass kaldt og isete at eg slo frå meg å fare ut med bilen, så eg vart heime åleine heile dagen i dag, men så fekk eg no gjort litt av kvart også. Etter at eg hadde stått opp og ete frokost , la eg meg inn i senga igjen og sov- eg var så fryktelig trøtt, kva det no kom av.
Resten av dagen har eg vore bra flittig, eg har til dømes tatt "fredagsvasken", vaska klede og styrt med litt av kvart, no på kvelden ser eg TV og strikkar. Den lesten eg begyte på seint i går kveld er snart ferdig no.
Og så ser eg no TV, men det er ikkje alltid så oppløftande. I morgon trur eg at eg må handle litt. men får no sjå kor det lagar seg med veret. I dag måtte eg gå ned i frysaren og finne brød som eg sjølv har bakt ein gong i tida, Dei var fullt brukbare og eg blei mint på at eg kan bruke litt av kvart frå frysaren. Det er derfor eg har den.
Husarbeidet mitt er ikkje heilt på topp, men eg har altså ein veldig låk rygg som ikkje likar at eg gjer noko som helst. Eigentleg likar eg slikt arbeid -når eg ikkje får vondt at det.
I dag har eg ikkje vore oppe med Marit , men i morgon håper eg at eg kan ta ein tur. Eg har ikkje så mange å vere i lag med her no-og det har ikkje ho heller.., men vo har tross alt kjent kvarandre lenge, heilt sidan vi gjekk i samme klasse på Eids gymnas.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar