Eg skal også begynne å lyse opp litt, men eg ventar til desember, på Pc-en min står det at det er minus 9 grader, men det stemmer ikkje, på temperaturmålaren min står det minus 4 grader -det har eg meir tru på. Det har vore opplett og delvis sol i dag. Men sola skin ikkje så lenge her vi bur.
I dag hadde eg ingen planar men eg gjekk no her tusla , la i hop ein klesvask, strauk noko og rydda litt. Men så fekk eg brev i posten frå ei venninne og så kom avisa (Møre_Nytt) og den les eg frå perm til perm, som eg seier, Det er mykje å sette seg inni , og eg veit ikkje kor mykje eg hugsar av det eg les. Etter kvart fann eg på å lage middag, og så måtte eg fyre i omnen, og så er det brått både kveld og mørkt. Dagane fer fort av garde uansett. Men det er veldig fint å få litt sol om dagane.
Kveldane blir lengre og mørkare etter kvart, men slik er det no kvart år, ein merkar det vel meir når ein ikkje lenger har arbeid å gå til. Men eg likar å jobbe litt her heime, eg har alltid noko eg må gjere, men der er ikkje alltid det blir gjort.
Er har fyrt i omnen, eg har ete middag og eg har eg lagt opp til å strikke enda ein lest til lageret. Alle skal få varme lestar til vinteren. Eg strikkar og Solveig har lageret. Utdeling 2.juledag- det er ein tradisjon.
,

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar