tirsdag, november 05, 2013

Eid i gamle dagar: 1

Eg blir ofte oppmoda om å skrive litt om "gamle dagar", og etter tips frå Solveig, skriv eg heller små epistlar her på bloggen enn å sette i gang med memoarar.
I går begynte eg å studere ein kalender frå 2013-utgitt av Lions på Eid, og eg blei fascinert av nokre av bilda der. Dette bildet er frå 1936, og då var eg ikkje fødd. Men det nye sjukehuset er på plass oppe i bakkane. Trur det er det einaste huset som er så høgt oppe. Begge foreldra mine arbeidde på sjukehuset i mange år, og både eg sjølv og dei tre borna mine kom til verda der.
Heilt til høgre i bildet ligg det kvite "Mattishuset" der tanta mi med familie budde nokre år. Til venstre og litt bakanfor det, ligg "Heimen", det som no heiter "Bryggen hotell".Vi kan skimte litt av Grindhuset til høgre for Mattishuset. Der hadde dei brusfabrikk. Grindebrus var greitt nok, men var det feiring, skulle det vere Hansa. 
De kan også sjå eit eldgammalt grått hus med torvtak, eg kan hugse at det budde folk der.Eg trur Ellen Marie veit meir om det. 
Heilt til venstre i bildet ligg Meieriet, der eg var innom dei fleste dagane i veka og kjøpte melk i spann. Vi stod ved disken og venta på tur. Dei som ekspederte målte melka i litermål med lange skaft og fylte opp i spanna. Melka hadde dei i store kar. Skulle vi kjøpe fløte hadde vi med eit Norgesglas e.l. Som de ser er der to dører på det kvite huset, den til venstre er til mottaket. Der bar bøndene inn melka som dei kom med -frakta med hest og vogn. Døra til høgre gikk inn til utsalet.
På bildet kan ein også sjå at det har gått eit snøras. Det kom aldri ras i den tida eg budde på Eid.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...