torsdag, september 03, 2026

Dagbok 2026:3.september

 Kjempesøte svartsurbær


Klokka er no17.15, temperaturen ute er+16 graderC, og sola skin. Ho kjem ikkje her før det lid nokså langt på dag, men kveldsol har vi nesten kvar dag.

I dag hadde eg bestemt meg for å ta det eg kallar "fredagsvask"-og då gjorde eg det. Eg likar i grunnen å vaske og styre på, men dessverre har eg ein rygg som ikkje likar det, så eg må ta mange pausar-men eg kjem i mål. Så har eg strikka litt på ein lest igjen, kjekt å få gjere det etter mange månader med vond hand, men eg må passe på at eg ikkje driv det for langt.

No på ettermiddagen tok ein tur opp til Marit, plukka med meg litt svartsurbær frå buska mi, dei er ikkje så gode dei bæra , men dei skal vere veldig sunne,så derfor et vi dei,

Elles så skjer det ikkje så mykje akkurat no; Solveig og Øystein er i Roma og dei andre i familien er vel komne i arbeid for lengst. Eg har vore nokså stillesittande i lang tid fordi eg har ein fot som ikkje er bra, men eg håper framleis på at eg skal kunne gå på Vernet igjen, treffe folk eg kjenner, eller ikkje kjenner, og slå av ein prat.

Men det gledelege er at eg no har bil igjen og kan komme meg til butikkane om ikkje anna. Eg dreg ikkje på biltur åleine altså, men eg har eit ærend til Vik i morgon.

Denne sommaren har eg hatt ute vatneslangen ein gong, elles har regnet frå himmelen halde blomster og tre med det dei treng av drikke.

Eg lurte på om eg skulle klippe den vesle bota ved postkassene i kveld-men eg trur eg ventar til i morgon.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:3.september

 Kjempesøte svartsurbær Klokka er no17.15, temperaturen ute er+16 graderC, og sola skin. Ho kjem ikkje her før det lid nokså langt på dag, m...