mandag, september 28, 2026

Dagbok 2026:28.september

Klokka er no 17.50, temperaturen ute er +15 grader C. Det har ikkje vore så fint i dag, men når det går mot kveld kjem sola. Eg har heller ikkje vore i så god form i dag, men føler meg bra no. Eg likar å gå ut på altanen og sjå heilt ned på fjorden,det er lenger enn ein tenkjer seg.

I dag hadde eg ein plan og det var å ta fredagsvasken. Det er ei stund sidan sist, men no var her eit visst behov. Fredagsvasken er å vaske skikkeleg på badet og kjøkkenet, elles er her så mykje teppe at det går ikkje å vaske. Då blir det støvsuging litt no og då. Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, men no har eg kvikna til -trur eg.

Eg ser at graset har vakse mykje etter siste slåtten, men eg veit ikkje om vi skal klippe meir i år. Eg får sjå kva naboen gjer.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:28.september

Klokka er no 17.50, temperaturen ute er +15 grader C. Det har ikkje vore så fint i dag, men når det går mot kveld kjem sola. Eg har heller i...