tirsdag, oktober 21, 2014
Bok nr. 67 -2014 : Vann til elefantene
Fra Lydbokforlagets side:«Vann til elefantene» er en spennende historie med sirkuslivet som burlesk bakteppe, men mest av alt er det en uforglemmelig fortelling om kjærlighet og vennskap – og om å ha mot til å gjøre det rette.
23 år gammel befinner Jacob Jankowski seg plutselig foreldreløs og pengelens i depresjonstidens USA. Tilfeldighetene kaster ham på et tog som tilhører Benzini-brødrenes beryktede sirkus. Det blir et møte med en helt ny verden for den unge Jacob. En verden full av vanskapninger og klovner. En verden der uante farer truer, og der den festlige fasaden skjuler fattigdom, nød og ulykke. En verden der Jacob endelig får oppleve den store kjærligheten ...
...............................................................
Det har kome få nye lydbøker til biblioteket i det siste. Derfor har eg nytta høvet til å lese om att bøker som eg har likt godt. Krim egnar seg ikkje til å lese om att, då må det i tilfelle vere "nogo attåt".
Denne sirkusboka likte eg godt då eg las den, og den skuffa ikkje no heller. Som eg har skrive så mange gonger før, hugsar eg ikkje godt, så det var nesten som å lese den for første gong. Boka handlar, som det går fram av omtalen, om sirkusliv i USA i mellomkrigstida. Det er vanskeleg å få arbeid, og for somme blir løysinga å reise rundt med sirkus. Direktørane er ikkje alltid så humane, og både menneske og dyr lid mykje vondt. Forfattaren har plukka blant sirkushistorier frå røyndommen og integrert dei i teksten. Han har gjort grundig research, så boka har også historisk verdi. Eg anbefaler boka, for dei som er imot dyr på sirkus, og for dei som er for, og for alle som er glade i dyr.Ja, boka handlar ikkje berre om dyr, sjølvsagt, menneska er vel viktigast. Historia om elefanten Rosie er kostelig. "Rosie" er ein elefant som verkeleg har levd, men under eit anna namn.
Boka er filmatisert, eg har ikkje sett filmen og veit ikkje om eg vil sjå den. Likar godt min eigen "film".
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:3.september
Kjempesøte svartsurbær Klokka er no17.15, temperaturen ute er+16 graderC, og sola skin. Ho kjem ikkje her før det lid nokså langt på dag, m...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar