fredag, oktober 10, 2014

Dagbok 2014: 10.oktober


Klokka er 20.00, temperaturen er 10 grader C og det regnar ute. Det var litt lettare på føremiddagen.
Vi var tidleg oppe, for Nils skulle på sjøen og berge lina. Han hadde med seg Kjell Røv, som har større båt og kraftigare motor. Han har båten i hamna her inne i fjorden, så dei tok båten utover i dag. Lina fekk dei berga mesteparten av i første forsøk, og så måtte dei fiske litt.
Eg vaska håret og gjorde meg klar til å fare. Så vart eg sittande ei stund å strikke og høyre bok, før Nils kom heim. Solveig og Olaug kom hit og sette frå seg bilen her, slik at vi køyrde i samme bil til Straumshamn.
Der gjekk vi rett til duk og dekk bord. Nydelig lasagne fekk vi med mykje godt tilbehør, og appetitten var det heller ikkje noko i vegen med. Is og kaffi etterpå.
Seinare vart det kaker og kaffi i store mengder. Må nok ha eit par slankedagar etter dette.
Dei unge heldt seg nede i første etasje og spelte spel, blant anna; vi meir tilårskomne prata og prata. Skulle ikkje tru at det var mindre enn 14 dagar sidan sist vi hadde "samling".
Ein nokså lat kveps svirra rundt, men eg brukar aldri å ta livet av slike små uskyldige dyr, og nekta dei andre å gjere det. Heller ikkje fekk dei lov å jage den ut. Takka for det var at kvepsen stakk meg skikkelig kraftig bak i nakken, etter at eg hadde latt den spasere rundt i ansiktet mitt. Fekk eit papir med eddik på som døyvde smertene, men då ville ikkje Charlie ha noko meir med meg å gjere. Han likte ikkje lukta.
No er vi heime og klar for å benke oss framfor TV-en. Reknar med at hareidsdølene også nærmar seg heimen no.
Ønsker alle blogglesarane ei god helg.
(Veit ikkje om det er så mange som les bloggen lenger, for det er sjeldan nokon skriv kommentarar. Men det er no som overskrifta seier ei Dagbok-mest for meg sjølv. Likevel ville det vere kjekt å høyre frå dei eg sjeldan treffer, anten her eller på FB.)

3 kommentarer:

Anonym sa...

God helg til deg også!
Mvh. Sykkylvsdame :)

Hildegard sa...

Har lese bloggen din for fleire dagar no i kveld. Litt av kvart som skjer hjå dykk, linefiske og kvepsestikk...Vi hadde nydeleg brosmemiddag i går og i dag var dei steikt sei. Hels gemalen mange takk!
Eidabesta

Besta sa...

Det er inga PLIKT å lese bloggen min, men eg veit at mange gjer det. Og då synest eg dei kan sende eit lite livsteikn av og til. DEG har eg jo mykje kontakt med, så bemerkninga var ikkje mynta på deg.Hels til alle dine.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...