torsdag, oktober 09, 2014

Dagbok 2014: 9.oktober

I dag kom kongen på besøk.

Klokka er 17.15, temperaturen er + 10 grader og det regnar. Vi er etter kvart blitt vane med sol og fint vêr, så vi blir litt tyngre til sinns og i sessen når det skyar over. Men vi er også blitt vane med at det skin opp att, så vi fortviler ikkje.
I dag var Nils tidlig oppe; han og Matias skulle ut og drage linene klokka 7.30. Det varte og det rakk før Nils kom heim att, så eg trudde dei hadde fått mengdevis med fisk. Slik var det ikkje. Lina hadde sett seg fast i botnen, så dei fekk den ikkje laus same kor dei bala. Ja, ikkje heile lina då, ein god del fekk dei opp og ein god del fisk fekk dei, mest brosme, som Matias er veldig glad i. Nils skal kontakte ein kamerat som har kraftigare båt, og få han til å slite opp resten av lina. Nils har ikkje bilde frå turen, men Matias har lagt ut eit på FB. Eg får ikkje til å kopiere det derifrå.
Mens Nils var vekke tok eg heile fredagsvasken, dvs.vasking og støvsuging. Det vart ei stund med strikketøyet også før eg høyrde bilen på tunet. Så åt vi lunsj og kvilte litt før vi tok ein tur på butikken.
Godt alt som er unnagjort, for i morgon skal vi inn til Margrete ein tur i lag med damene frå Hareid.
Ein liten fugl flaug på ruta i dag, og Nils var ut og berga den. Ingen av oss kjende fuglen, men etter å ha lagt bildet ut på FB fekk vi tips om at det var ein fuglekonge, noko som stemmer med fugleboka mi.(Kunne ha funne fram boka først, men hadde lyst å legge ut bilda på Face.)
Nils kokar middag i dag, det blir fersk, kokt småsei, ein rett vi har relativt ofte.Og så blir det snart mørkt.
Vi studerte fiskedisken på Coop i dag, og så kom ei dame (kokk) og ville ekspedere oss. Då sa eg ifrå om at vi fiskar sjølve, men eg ville sjekke kor mykje vi sparer på det. Fisk i disk er utrulig dyrt, ikkje rart at folk et for mykje kjøt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...