onsdag, oktober 08, 2014

Dagbok 2014 : 8.oktober


Klokka er 18.15. Temperaturen er +11 grader C, det er overskya og det har regna litt. Nils og Matias er ute og set liner som dei skal drage i morgon. Dei set kanskje linene i det som har fått namnet "Nils-medet"? Mange har fått mykje fisk på den staden som Nils har peika ut.No er det ikkje på slump han finn fiskeplassane, han har sjøkart med djupner og grunnar, som han studerer.
Sjølv har eg hatt kjøkkenteneste i heile dag, og det  likar eg ikkje. Men av og til må ein gjere ein liten innsats. I dag galdt det eple og pærer. Når ein er så heldig å få mykje gratis frukt, må ein sjølvsagt ta vare på den. Først laga eg eplekake med MYKJE eple i-og det tek si tid å reinske. Då er det berre å ta på seg forkleet "Verdens beste mormor" og putte iPoden i lomma og høyre bok mens ein reinskar.
Då eplekaka var komen i omnen, begynte eg på pærene. Dei skulle delast i båtar og kokast i sukkerlake. Det vart ein pause mens eg laga middag og åt, og så heldt eg fram til eg var ferdig. Vaska opp ein stor oppvask for hand og tømde oppvaskmaskina. Så vaska eg rundt på fliser, benkar og bord, så no er ordenen gjenoppretta. Og eg er passe sveitt.
Høyrde ferdig boka eg heldt på med, og begynte på ei anna bok som låg på iPoden, den handlar stort sett om ein mann som bankar alle andre såpass at dei verken kan krype eller gå.
Ikkje særli ROSA den boka, nei. Tvilsomt om eg fullfører.
Det er tidlig kveld, men det er åt og skymest ute, hausten er komen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...