onsdag, oktober 22, 2014

Dagbok 2014: 22.oktober

Klokka har passert 18.00, temperaturen er + 7 grader C og akkurat no er det opplett. Tidlegare i dag var det regn og grått. Nils var nedover og fekk klipt håret sitt før middag, eg vaska eit par golv etc. Nils tykte vi kunne reise til Fosnavågen i dag og kjøpe fiskesaker før vi legg om til vinterdekk, og eg seier sjeldan nei til ein tur.
Det er fint med ein tur ut til havet, der himmelen er vidare og mindre grå. Mykje fin natur er det også å sjå. Men når det gjeld byane i fylket vårt, kjem ikkje Fosnavåg på topp. Dei driv og lagar betre veg utover, og dei har bygt mange store flotte bygningar i sjøkanten, men gatene er smale, bratte og kronglete på alle måtar, og det er nesten umulig å finne parkeringsplass.
Første stopp var Dyrkorn-butikken, ein velutstyrt fiskevegnbutikk som ligg i det området som eg kallar "Sibir" - på grunn av dei falleferdige og stygge murbygningane rundt omkring. Men Nils fekk det han ville ha, 50 kveiteonglar med forsyn.
Så var det å finne seg ein kafe, og vi enda opp der vi plar ete, på Nina Kafe, eller Pelican Rouge, som den heiter på fint. Der kjøpte vi lunsj-bufet, i dag med berre kalde rettar: Kylling, reker, egg, grønsaker etc.etc. Vi fekk ete så mykje vi ville for 80 kr kvar; med brød til blei det eit skikkelig måltid. Og så kjøpte vi oss kaffi etterpå.
Vi var enige om at vi trong ikkje gå på butikkar, vi har det vi treng, men vi måtte no sjå det nye kulturhuset og Thon-hotellet. Dvs. vi gjekk ikkje inn. Det er innvigd, men dei jobbar framleis i og rundt bygget. Det er mange bilde i Regionavisa i dag.







Alltid når vi reiser utover ser vi skiltet til Torvik der Hurtigruta legg til, og i dag ville vi sjå korleis der såg ut. Vi køyrde til vegs ende utan å sjå kaia, men Nils prata med ei postdame som fortalde kvar Herøy-terminalen låg. Det var ei kjempestor kai, men terrorberedskapen var ikkje noko særleg, for vi kunne køyre heilt ned på kaia utan at nokon brydde seg. I det fjerne såg vi Ulsteinvik.



Om det ikkje er så vakkert midt i byen Fosnavåg, er det mange fine og idylliske stader rundt omkring på øyane i Herøy kommune.Her er eit glimt frå Torvik.

Nina kafe
(bildet under) Lett å kjenne/finne på grunn av  den raude fargen.

På heimvegen stoppa vi på PEKAS i Myrvågane, der har dei alltid noko vi treng. I dag fann Nils seg ein stamp til å ha fisk i og eg fann litt småtteri til huset. Vegg i vegg låg ein stor, fin Kiwibutikk, der eg fekk kjøpt melk, det einaste vi trong i dag. Då vi kom til Ørsta var eg innom biblio og henta eit par bøker.
Vi har vore i full sving sidan vi kom heim. Nils har knytt forsyn på onglane sine, og gjort klart til at feiaren skal kome i morgon. Eg har stort sett site ved datamaskina, blogga og rippa bøker. Innimellom har eg kokt graut, det gjer vi når vi har melk som er ute på dato.



50 onglar-49 forsyn.



1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Ser ut som om de har hatt ein fin dag! Eg kan ikkje hugse å ha vore i Fosnavåg nokon gong.

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...