Kokka er18.30, temperaturen ute er minus 5 graderC og det er klarver (Det kan eg ikkje sjå , men det står på PC-en.)
Huff og huff seier eg -når vi får snø og kulde så tidleg på vinteren, eg likar verken snø eller kulde ,særleg når eg ikkje greier å moke snøen vekk frå tunet, og ikkje har eg vinterdekk på bilen så eg kan kome meg nokon stad. Ja, det er no mi eiga skuld det- men ikkje veret. Heldigvis kjem Solveig ein tur i morgon så då blir det vel orden på litt av kvart. Eg var fann fram mokebrettet i dag, så LITT har eg gjort, elles har eg no styrt litt inne med diverse. Men eg var ikkje budd på snø så tidleg på vinteren, eller helst seint på hausten. Men vi får ta det som kjem, vi har overlevd mange vintrar så vi greier vel ein til. I fjor var det neste ikkje vinter i det heile tatt. Då vi var å Hareide 2.juledag var der sol og grøne markar.
Ut på altanen min ser det ikkje ut. Eg matar fuglane med litt av kvart, så no ligg der strødd med frosne restar.
Eg har det i grunnen godt i kulden for eg har både Varmepumpe og omn, så eg fyrer opp eit par gonger i løpet av dagen. Ein treng mykje varme når ein er aleine.
Det er mykje lys i Mosmarka no; for nokre år sidan var der ikkje så mange hus, men no står husa tett der også.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar