mandag, april 16, 2018

Dagbok 2018: 16.april



Klokka er 22.00, temperaturen er + 7 grader C og det har vore enda ein fin dag, lettskya men ikkje så mykje sol, så i dag fekk orkideane stå i fred i vinduskarmane.
Eg var ikkje heilt sikker på at foten min hadde hatt heilt godt av at eg brukte han såpass myke i går, så eg tok det litt forsiktig i dag. Rydda litt i heimen, strauk litt klede, kokte graut etc. og sette meg med føtene høgt og begynte p første erma på kofta mi.
Då ringde telefonen, og det var frå Ørstaheimen. Sjukepleiaren sa at Nils hadde sagt at han ville eg skulle komme. Eg spurde om han var blitt dårlegare, men det var han ikkje.Eg stussa litt på at han hadde sagt så mykje, men sjølvsagt heiv eg meg rundt, bytte om i ein fart og kom meg av garde. Solveig nabo køyrde meg ut. Det var ikkje noko dramatikk, men Nils hadde vore litt uroleg på føremiddagen, og då hadde dei spurt om han ville at eg skulle komme og vere der, det hadde han sagt JA til. Det ville no vore litt rart om han hadde sagt NEI.
Nils søv for det meste mens eg er der, av og til seier han VATN -og då får han nokre dropar. Han verken et eller drikk noko så det varer nok ikkje så lenge. Han var veldig roleg mens eg var der.
Solfrid kreftkoordinator kom og sat ein times tid og prata, så eg fekk spørje henne om slikt eg lurer på. Ja, vi snakkar om anna enn sjukdom også, kjenner kvarandre godt etter kvart. Ei fantastisk dame.
Eg sende meldingar til Solveig og Margrete og Solveig ringde. Ho vil no komme innover på det minste vink, men det er ikkje stor vits i å besøke Nils, han registrer det knapt. 
Mens sjukepleiarane stelte Nils for kvelden gjekk eg ut av rommet. Då trefte eg ein av norsklærarane frå DH. Han spurde etter dei kjekke døtrene mine, og sa at han aldri hadde hatt både mor og døtrer som elevar anna enn i vårt tilfelle. No ser ein mest ikkje studentane, sa han, no går det i fjernundervisning. Kjedelig, tenker eg, det var jo samtalane og dynamikken i klasserommet som var det kjekkaste med å vere student.
Eg fekk kveldsmat på Heimen i kveld, men det kan no hende eg finn meg litt her også.
Eg ringde naboen då eg skulle heim også, han var visst glad for det, han var redd eg brukte foten for mykje og vart dårleg igjen. I dag fekk eg akkurat det eg trong ute på Heimen: Mange timar med foten høgt. Og så har eg snart lese ut enda ei lydbok.
Eg har lese ein del bøker i det siste, og i nesten alle er det mykje sjukdom, og som regel einkvan som dør av kreft.
Eg spør alltid vakthavande sjukepleiar om eg kan gå heim om kvelden, og dei har fått "ordre" om å ringe meg når som helst på døgnet om det skulle skje noko-dvs. viss dei meiner eg bør vere der.Eg kan komme på kort varsel, men treng å vere heime og sove i mi eiga seng dersom det går an. Dei passar godt på han der ute.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...