torsdag, april 26, 2018

Dagbok 2018: 26.april

Klokka er 19.40, temperaturen ute er + 9 grader, og det er opplett, men det har også regna litt i dag.
Eg har vore heime åleine heile dagen, det er lenge sidan sist eg var det. Men ingen må tru at eg kjedar med. Eg har nok å gjere -og bøker å lese, og blir det litt tamt kan eg snakke med meg sjølv-eller datamaskina. No på ettermiddagen har eg sete her og rippa boka om Åttitallet, ei bok på 23 plater. Innimellom har eg vore på Face, og så har eg hatt lydbok og strikketøy på samme tid. Multitasking er betre enn sitt rykte.
På føremiddagen begynte eg å rydde diverse skap etc. Vil gjerne få litt ledig skapplass. Så rydda eg og vaska på "Roserommet"-som eg like gjerne kallar "Roterommet". Og så har det gått i vasking av klede, bretting av klede, oppheng av klede osb. No skal eg snart tømme oppvaskmaskina og henge opp enda ein klesvask.
Eg tok sjansen på å strikke litt i dag-trur det funkar betre når eg sit rett opp og ned på ein stol i staden for å ligge i godstolen. Grunnen til strikkepausen er ei litt låk skulder.
Viss eg blir lei av å vere inne kan eg gå ut og stikke løvetann, det er sesong for det no.Det er litt kaldt så det fristar ikkje så veldig å vere ute, men set ein i gang med å jobbe skikkelig held ein vel varmen.
I morgon må eg ein tur på apoteket, og no kan eg gå kvar eg vil utan å tenke på låke føter eller tida eg brukar. Ringde ned og bestilte resept i dag.
For å glede Solveig kan eg opplyse om at eg i dag åt middag, Det var lasagne frå påsketider som eg fann i frysaren. Elles har Rasmus frose ned suppe i høvelege porsjonar som eg skal ha framover. Og får eg lyst på noko anna, går det sikkert bra, det også. Eg lurer berre på om dei potetene eg har liggande kan bli settepoteter, har lyst å lage potetåker, det var så kjekt med den eine poteta som eg sette i fjor, den som var til 30 nye.
Eg ser ram til å begynne med hagearbeidet-likar det best. Det som er litt trasig i dag er at eg ikkje har fått til TV-en i dag heller. Eg var borti og rota med noko i går, brukte to fjernkontrollar for å komme i gang og så har eg truleg stilt apparatet på antenne i staden for på fibernettverket som den eigentleg skal vere kopla til.Forstå det dei som kan. Eg må kanskje sjå TV på datamaskina -det er ok, men eg likar ikkje å sitte her inne på rommet heile dagen og kvelden. 
I går kveld sat eg og prata med ei venninne på mobil -og brått vart det slutt, eg trudde den berre var tom for straum og ladda den opp. Den verkar framleis ikkje. Nils hadde ein samme sorten, men den er slått av og eg kan ikkje koden. Eg tenkte at ein kanskje kan sette mitt SIM-kort inn i hans mobil, men er det enkelt? Eller må er bort på Lefdal for å få det gjort?

PS: Eg sette på TV-en og den funkar perfekt.

Ingen kommentarer: