fredag, april 27, 2018

Dagbok 2018: 27.april

Klokka er 19.00, temperaturen er + 8 grader C og det regnar litt. I dag har tida gått som ein røyk-forstår ikkje kvar timane har blitt av.
På føremiddagen tok eg inn klede, strauk etc., men no angrar eg på at eg ikkje tok inn det som var nesten tørt-no er det våtare enn nokon gong.
Margrete var på denne sida av fjorden, så ho ville komme ein tur, ho fekk i oppdrag å kjøpe med seg kaffi frå Lefdal, så no har eg bunkra opp. Eg hadde laga vaflar til ho kom så det vart traktementet i dag. Seinare kom Audun også, så var vi tre. Han sat att ei stund etter at Margrete hadde fare. Fekk han til å fikse mobilen; han gjorde det samme som eg hadde prøvd, berre at han heldt tasten inne litt lenger- og jammen hugsa eg koden! Det varte ikkje så lenge etter at Audun hadde reist, så ringde mobilen, og det var Ellen Marie. Vi hadde ein koseleg prat. Så ringde fasttelefonen, det var naboen som skulle handle og lurte på om eg ville vere med. Eg hadde ikkje behov for å fare på apoteket i dag sidan eg hadde funne nokre tablettar såpass eg kan klare meg over helga om så er. I går kveld sette eg meg til å strikke, men var så trøtt at eg følte for å rekke opp att, så i dag strikka eg borden for andre gong, mens eg høyrde musikk på You tube.
I dag tidleg såg eg at naboen in bossdunkstod ute- og kom på at det var fredag. Då eg skulle ta den inn att på ettermiddagen var den ikkje tømt. Eg hadde sett ut feil dunk-det var papir i dag-ikkje restavfall. Det er ikkje krise, det blir ikkje mykje boss når eg er her åleine.
Elles har eg tatt oska ut or omnen og vaska ruta. No ser eg fram til å sjå heile fredagsprogrammet på TV -det er lenge sidan sist. Og så blir det kanskje til at eg strikkar litt. Burde eigentleg gå ein liten mosjonstur, men det fristar ikkje i dette vêret. Kneet mitt er bra, men eg kjenner der er noko enno, så eg skal i alle fall bruke opp dei tablettane eg har.
Margrete fortalde meg i dag at veninna hennar hadde snakka om "ventesorg"-eg syntest det var eit fint og dekkande ord. Ellen Marie som har jobba heile sitt liv som sjukepleiar, mykje av tida på alders-og sjukeheim, kjende til det ordet. Eg trur alle forstår kva som ligg i det.  

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...