torsdag, april 19, 2018

Dagbok 2018: 19.april

Klokka er19.50, temperaturen er + 16 grader C, det er lettskya og fint. Det vart seint før eg la meg i går kveld, men vakna relativt tidleg i dag likevel. Marit kom over gata og sat her med meg ei god stund, og det var eg takksam for, ho har sjølv mist mannen sin -for mange år sidan.
Vi venta mannen frå gravferdsbyrået klokka 10 og då var Solveig og Margrete på plass. Solveig hadde med seg kaker og wienerbrød -blant anna, rekna vel ikkje med at mora var så aktiv i dag, og det stemmer.
Vi fekk bestemt at gravferda skal vere komande tysdag kl.13.00. Vi ville gjerne ha den så snart som mulig sidan eitt av barnebarna skal til USA og ein annan skal konfirmerast snart. Vi fekk bestemt songar og diverse anna. Solveig ringde rundt og fekk ordna andre ting. Eg var ikkje så veldig aktiv. Det var meininga presten skulle komme også, men han kunne ikkje komme før i morgon. Ingeborg kom også innom og drakk kaffi i lag med oss. I morgon blir det nytt møte. Margrete tok på seg eit par oppgåver også, så eg blir avlasta for mykje.
Det vart brått så tomt då alle for. Rart at eg skulle reagere på det, eg som har budd åleine sidan begynnelsen av desember, men i dag kom eg meg ikkje i gang med noko, sjølv om  her er nok å gjere. Men eg kan no hive meg rundt no når foten er bra.
Har vore ein god del på data, har snakka i telefonen og sendt meldingar. Og så skreiv eg "livssoga" til Nils for ha det klart når presten kjem.
Har fått to nydeleg bukettar i dag, ein frå leigebuaren min, nydelige Silje, som kjem til å bu her eit år til. Så slepp eg styret med å avertere leilegheita igjen.
Buketten over kom frå dei utflytta nabobarna og familiane deira. Det er no så altfor mykje.
Det at det er mykje å ordne framfor gravferda er ein terapi-ein slepp å bli sittande å gruble for mykje.
Men eg skal innrømme at det var litt rart å vere her åleine heile ettermiddagen-eg er ikkje vant til å vere så mykje heime. Men det blir godt å sleppe turane til Ørstaheimen no. Eg har vore meir der enn heime på dagtid. At Nils er borte, må eg forsone meg med, eg har vore budd lenge, og slik det vart på slutten, må eg berre vere glad for at han slapp å ha det vondt lenger.
Til hausten blir det 60 år sidan eg kom til Solund, vi fann kvarandre ganske fort og fekk mange gode år i lag. Eg får vere takksam for det- og det å bu åleine har eg alt vandt meg til. Det går bra.
Håper det kjem mange i gravferda og at alle syng av full hals, då vil det bli slik som Nils ville hatt det.



Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...