tirsdag, april 17, 2018

Dagbok 2018: 17.april

Russeblåstjerne- Scilla sibirica



Klokka er 22.00, temperaturen er + 9 grader og det regnar. Då eg gjekk heimanfrå i dag var det fint vêr og + 19 grader C. Eg har gått begge vegar i dag, utan problem, og var hos Nils frå 14.30 til 21.30. Eg valde å gå i dag, for når ein sit i ro så lenge har ein behov for å lede litt på seg.
Nils var litt meir vaken i dag enn i går og eg fekk litt kontakt med han. Det tyder ikkje at han frisknar til, det håpet er ute for godt. Men det er litt artig når eg spør han om det er noko han vil ha og han seier :"Brus, Julebrus". Han har nemleg fått ein del julebrus i seinare tid.(Restar frå jul.) Neste gong ville han ha saft, og då er det berre å gå ut på kjøkkenet å få det. Kaffi og mat får eg servert så mykje eg vil ha. Eg trur dei set pris på at eg er der så mykje, for då er Nils roleg, og er det noko så seier eg ifrå. Eg sparer dei sikkert for mange turar inn på rommet. Eg trur faktisk at Nils registrerer at eg er der, i dag opna han augene eit par gonger og såg meg. Ja, slik er det blitt. Eg tenkjer mykje når eg sit der ute, på alle åra som har gått; det er dei beste minna som varer lengst.
Eg har lydbok med meg, og i dag starta eg på ei ny; hadde tenkt å ta med spøt i dag, for eg har begynt på eine erma på kofta, men då begynte sjølvsagt høgre armen/skuldra å trøble, så no blir det strikkeforbod. Fekk ikkje gjort noko særleg her heime heller på grunn av skuldra. Vaska litt rundt på kjøkkenet, men då måtte venstrehanda takast i bruk også. Det er nesten ein lettelse at regnet kom, så held eg meg vekke frå hagearbeid.
Eg gjekk ikkje elvavegen nedover i dag, men tok ei anna rute. Så eg vart litt overraska då eg tok den vanlege vegen heim. Då var vegen stengd. Eg kom opp i Olavsgata men ikkje lenger. Nedste delen av Storebakken var rett og slett vekke, der var det berre ei stor hole. Arbeidet med å lage fonnforebygning pågår for fullt no. Mange tun blir vel også grave opp no etter kvart når alle oljetankar skal fjernast. Heldigvis har vi aldri hatt oljefyring.
Eg spurde også i kveld om eg kunne gå heim, og fekk bekrefta at eg kunne det etter den avtalen vi har.
Noko eg set pris på er at vakthavane sjukepleiar set seg inn på rommet og snakkar med meg når eg er der. Dei seier at eg er FLINK som er der så mykje. Eg er der ikkje for å vere FLINK, men fordi eg har behov for å vere der Nils er no.

Ingen kommentarer: