søndag, april 29, 2018

Dagbok 2018: 29.april




Klokka er18.30, temperaturen er + 7 grader, og det er fint lettskya vêr.
Det er litt spesielt å vere heilt åleine og ikkje ha andre og anna som planlegg dagane mine. Litt trist og litt godt.
På føremiddagane finn eg alltid noko eg må gjere, anten det er sundag eller kvardag. I dag vaska og rydda eg i kjøleskapet og laga ei kake.
Ikkje lenge etter kom Marit G. på besøk, eg hadde etterlyst ein strikkepinne. Hadde ikkje erm-pinne nr.3 og gløymde å kjøpe då eg var i Vik i går. No fekk eg låne med henne.
Vi prata og drakk litt kaffi i lag- og det var kjekt.
Eg hadde lyst å gå ein tur, men ikkje for langt og ikkje for bratt; må tenkje litt på kneet mitt-heilt bra er det ikkje.
Eg fann ut at ein tur fram på Askjellhaugen var ein passeleg langt. Eg ville sjå korleis det såg ut på grava no, då blomstrane etter kvart taper seg. Det såg rimeleg bra ut enno, og eg har høyrt at gravferdsbyrået tek seg av dei visne blomstrane og kransane, så det treng eg ikkje å tenke på.
Gjekk ein liten runde og såg på gravsteinane og oppdaga at mange av namna var kjende for meg. Ikkje alle i Ørsta får grava si der, somme har sikra seg gravplass ved kyrkja.
På heimvegen fekk eg ei ny venninne, så no blir eg visst lik Nils. Ho kom gåande med to stavar og bemerka at eg gjekk utan. Det viste seg at ho visste kven eg var, og at ho kjende til Nils. Ho fortalde at ho var venninne med Agnes, og faktisk likna ho på henne både i utsjånad og veremåte. Etter kvart presenterte ho seg, og vi vart godt kjende på den vesle stunda. Ho nærma seg 80, sa ho. Ho har budd fram på dalen før, men no hadde dei kjøpt seg leilegheit her. Eg anbefalte henne å melde seg inn i pensjonistlaget.
Etterpå tenkte eg at dette hadde vore noko å fortelje Nils. Då han ikkje var så mykje ute blant folk lenger, tykte han det var kjekt når eg hadde noko å berette, noko eg hadde opplevd, folk eg hadde snakka med når eg hadde vore ute eit ærend.
Eg hadde med meg fotoapparatet for å ta nokre bilde på turen.
No har eg funne meg ein suppeporsjon i frysaren som eg skal varme opp. Det var Rasmus som laga til porsjonane og fraus dei, og eg trur dei er store nok.
Så blir det vel ein kveld utan TV igjen, men litt kan eg no sjå på data viss eg vil. Elles har eg både striketøy og lydbok. Eg har det bra.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...