torsdag, september 20, 2007

Nytt strikketøy

I går då Margrete fekk seg ny hue, ymta ho frampå om at ho trengde eit skjerf også, for duffelen(dyffel?) var så open i halsen. Ho hadde også kjøpt seg ein grå genser som trengde ein liten fargeklatt. Eg var glad for eit nytt oppdrag, men sidan dette var fleire ønske på ein gong, måtte eg rasjonalisere litt. På garnbutikken var eit nytt og rikhaldig utval i garn til skjerf, så det var vanskelig å velje. Eg landa på dette Chili-garnet i første omgang, så får eg heller lage eit meir fargerikt skjerf i tillegg.
I dag var eg til frisør. Ho hadde eit strikkeproblem som eg kunne hjelpe henne med; ho skulle strikke ei bukse til døtra og forstod ikkje korleis ho skulle lage den høgare bak slik det stod i oppskrifta. Men det var noko eg kunne etter alle buksene eg har strikka.Neste gong har ho kanskje eit strikketøy som eg kan få låne mens eg er der?

5 kommentarer:

Anonym sa...

Eg ønskjer meg dyffelcoat (rett etter nynorskordlista (!)- y +engelskord - javel)og palestinaskjerf....... Eg såg at dyffelcoat var moderne igjen på frukosttv. Det er fleire som går med palestinaskjerf no enn på åttitalet. Eller palestinaskjerf light, dei er ganske tynne og mjuke til ørkenbruk.
S

Besta sa...

Hijaben til Ingeborg var ganske lik palestinaskjerf- i grått og svart.Elles tek eg imot ønskje på STRIKKA ting.

Anonym sa...

Det var ikkje eit slikt ønske. Meir at eg skal kome over det i ein butikk. Elles protesterer eg på "hijab", det er ikkje berre eit sjal, men måten ein ber det på.
s

Anonym sa...

Ja, så skal det på blogg at eg tiggar om skjerf også, no?!!! Trudde dyffelen min snart skulle vandre heden etter to års flittig bruk, men viss han er moderne, får det no heller stå til ei stund til. Garnet såg LÆKKERT ut! Morosamt på jobb i dag forresten, for då kom min elev Ingeborg i likedan palestinaskjerf som trulta mi sitt. Men i rosa/svart. Elles har vi fleire elevar med hijab - for meg går grensa ved burka. Og fatwa. margrete

Anonym sa...

Forresten god idé med strikketøy hos frisøren!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...