tirsdag, september 25, 2007

Nye lydbøker.

Var på biblioteket i dag etter ny forsyning. Spurde etter Engelen på det syvende trinn, den hadde dei berre på kassettar, men no ville dei bestille den på CD også. Lærer`n er av samme forfattaren. Boktyven skal vere veldig bra, etter som bibliotekaren sa. Dei ville også bestille inn Genanse og verdighet, sidan eg spurde etter den. Må ha nok lydbøker med meg på tur i tilfelle eg vert liggande våken om natta der slik som heime. Les framleis på Les Miserables, dessverre ikkje på originalspråket.I morgon blir det å pakke full bilen.

10 kommentarer:

Elin sa...

Så koseleg det blir med tur! Håpar det blir vellukka. Eg køyrde gjennom Kongsberg i fjor sommar, stoppa ved gruvene, men våga meg ikkje inn...Men byen såg veldig fin ut!
I dag har eg fått ein 4 - 5 fiskar av ymse slag (frå gløppefjorden, må vite) av ein lærar som skulle vise elevane innvollane...hehe. Kanskje eg skulle hive meg på fiskekakebølgja? Har prøvd ein gong før, utan at dei var gode.
I haustferien blir det neppe fårikål i Starevegen på meg, eg har kjøpt meg flybillett til Oslo tysdagen (har førebels ikkje retur....?) Det blir vel ein buss opp att, tenkjer eg.
Så har eg investert i nye briller i dag, 2 par må eg til med no, så det er no magert på kontoen nokre måndader framover.
....og sjalet til M. ser riktig lekkert ut!

Anonym sa...

Eg kunne tenkt meg å lese bøkene.
Viss du hadde hatt MP3, så hadde bøkene lagt på datamaskina di og eg kunne kopiert dei. Og du kunne sjølvsagt lagt inn dei eg låner her på din.......
Dei siste mine ligg på den berbare.
Vi må nok til å mase på dataeksperten i familien.Ø trur ikkje det er harddiscen som er øydelagt.
s

Anonym sa...

Eg har liggande "Lærer'n" på engelsk - skal berre lese ferdig noko anna først. Les "Under en hårdere himmel", og så var eg på boksal fredag og kjøpte m.a. "Organisten". Har alle Alnæs sine Noregshistorier, og må fram med ei av dei for å førebu ein time om svartedauden på torsdag. Mykje krig og elende, med andre ord. Ladar opp til Polenturen neste år, der eg aktar å bli med. m

Anonym sa...

De får ha god tur til Kongsberg. Det kjem vel reisebrev på bloggen!

Besta sa...

Svartedauden er min spesialitet, men då helst for yngre elevar. Hugsar godt mykje av det: yersinia pestis,rattus rattus og rattus norvegicus. Herlig. Hugsar eg las ei forteljing i Alnes då, til meg sjølv. Historie er det kjekkaste faget å førebu!!!!Til meir gørr og bod dess betre!!!!Og så den katapulten med (rotte)- lik. Herlig!!(Det er så lenge sidan!!!)

Besta sa...

Det kan nok vere det kjem innlegg på bloggen frå Kongsberg også. Har datautstyr på rommet vårt der.De såg vel den store sola som skal kome på torsdag????

Anonym sa...

God tur til Kongsberg, hels masse!
Ser at du likar historie "gørr og blod". Eg er nettopp ferdig med ei historisk roman frå USA 16 - 1700 talet av Beverly Swerling, 800 sider, som sikkert kunne fenge. Du kan få låne den viss du torer deg på skrift. Dessutan har eg nett høyrt lydbok med Kim Haugen "Alcymisten". Har lese boka før, men veldig fin som lydbok. Stig og Ole er mine konsulentar når det gjeld bøker. Artig med barnebarn som likar å lese. Hugsar godt kor kjekt Amanda og Hilde hadde det med felles interesser. Elles strikkar eg litt, trimtur minst 30 min. kvar dag (ordre frå legen), besøkjer mor og har ope hus for ungane med servering, så dagane går som ein røyk. Føler meg priviligert - at nokon har bruk for meg! Besten ferdig med 4 veker lærarjobb til helga, så då blir han med på trimtur igjen, må "spare" seg litt no i og med at han trakkar mykje på jobben. Lite fisking i haust dessverre, men kjøpte ein del frossen brosme/torsk hjå Larsen i Kalvåg sist vi var på hytta.
Hels mannen. Eidabesta

Anonym sa...

Hilde
Eg fekk ikkje handla noko Opal til deg :( Det blei fjelltur i staden for den søndagen og! Men kanskje du kjem over noko spanade på turen. Ta bilde viss du kjem over ein fin butikk!!

Besta sa...

Eg fekk tak i ein ny sort Regia, 6-lagd, i går, så eg har lestegarn.Går ikkje så mykje på butikkar når vi er ute og reiser, men kven veit kvar vi tek vegen denne gongen? Har planar om å besøke Karen Marie i Fredrikstad etter Kongsbergturen, og då er ikkje vegen lang til Sverige.....Alt kjem an på helsa mi!

Anonym sa...

Eg har "tagga" deg. Sjå bloggen min...

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...