onsdag, september 12, 2007

Ein sløv dag !

Veit ikkje om det er veret si skuld eller det berre er latskap, men i dag har eg ikkje utretta mykje.
Vi var ein tur til Volda f.m. og skulle ha nokre plater til å ha over kjøkkenbenkane i kjellaren.Det er i staden for flis. Her kunne dei ikkje skaffe, så vi måtte på COOP bygg-eller kva det no heiter.
Kjekt at de har fint ver på Austlandet for her berre bøttar det ned.Vi må no ha oss ein tur om ikkje alt for lenge.
Så skulle eg visst ha sjekka blodtrykket, for no hissar eg meg meir opp enn eg har godt av.
Siste nytt er at Sp-ordføraren i Volda vil samarbeide med Frp i staden for dei "raude".
No kan eg ikkje utvandre til Volda heller.
Nils var på møte i FUM i dag, det er dei gamle utvala som fungerer enno.
Det er ikkje bestemt kven som blir ordførar i Ørsta. Forhandlaren for Ap insisterer på at hans parti skal ha ordføraren. (Gudny)Viss han får med seg Sp skulle det gå bra, men Sp har ein ordførarkandidat sjølv (Ola Perry)....................................og så er maktspelet i gang.
Eg har ikkje så veldig mykje i mot noko politisk parti - med eitt unntak!!!!!
Det har ikkje blitt fleire gryteklutar i dag, har begynt på ei hue i staden. Den skal leggast i " (H)jul(e)lagert" så eg kan ikkje legge inn bilde. Heretter blir det stor tystnad omkring handarbeida mine.
Mens Nils var på møte i dag las eg ut ei gammaldags krimbok av Stein Riverton (Sven Elvestad), eg må vedgå at det også har gått framover med den sjangeren. Litt artig å lese den likevel, sidan eg berre har kjent forfattaren frå litteraturhistoria.Eg skriv "les", men det går sjølvsagt i lydbøker her. Har lese nesten alle lydbøkene på biblioteket, men no får dei snart inn ny forsyning. Det hjelper for tinnitusen å "ha noko på øyret" i tillegg til at eg må legge meg ned ei stund kvar dag. Det er ikkje så kjekt som ein skulle tru!!!!!
Det er kjekt at du skriv blogg på engelsk også, Elin, så får eg trent meg litt på å lese litt"utanlandsk". Har ikkje lese mykje engelsk i seinare år, sjølv om eg underviste i det i fleire år. Men det var liksom på eit anna nivå!!!!!!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...