lørdag, september 15, 2007

Ny ordførar !

Etter harde forhandlingar mellom Gudny Fagerhol og Ola Perry Saure, var det Gudny som trekte det lengste strået denne gongen. Ho er no den første kvinnelige ordføraren i Ørsta .
Ho har vore aktiv i AP i mange år, og har vel som dei fleste andre både tilhengerar og motstanderar. Men ein ting er sikkert, ho slår seg aldri i lag med Frp- slik senterpartiordføraren i Volda har gjort.
Det har vore ein lang TV-kveld her i Starevegen med ekstremt med regn ute. Blæs gjer det også innimellom.Håper fineveret austafør held seg enno ei stund?Men det er vel heller tvilsomt.
Eg er optimist og håper på sommar i oktober!!
I morgon skal eg lage fiskekaker av seien som Nils fiska i går. I dag vart det ikkje mykje gjort med meg; først var eg til akup.og etterpå var det "damelunsj" hos Marit G. Koseleg det.
I kveld har eg hekla ein grytelapp i normal storleik.Skal ta bilde når eg har hekla ein til!
God helg til alle.

1 kommentar:

Anonym sa...

Las akkurat Sunnmørsposten og ville høyre om ordføraren på bloggen, men fann altså eit heilt innlegg!Godt de vart kvitt Frp-ordføraren. Men kven som vert ordførar i Hareid er enno eit stort spørsmål. S

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...