lørdag, september 15, 2007

Fiskekaker.

I dag har vi laga fiskekaker av sei og hyse som Nils fiska på torsdag.
Desse fiskekakene skal vi ha med oss til Kongsberg når vi reiser dit om ikkje så lenge.
Nils skal til tannlegen på onsdag og eg til behandling på fredag, og så får vi sjå korleis det passar for dei der nede.
I natt har Steffen sove her hos oss, så no har vi fått ein ny "son " i huset. Han er berre eitt år eldre enn Einar. Nils er alt blitt gode venner med mora hans,; ho er så glad i fisk!!
Eg har ikkje truffe henne enno, men ho bur berre to gater lenger oppe..................i Lyngvegen for dei som er kjende.
Kjenner på meg at det blir ikkje gjort så mykje meir med meg i dag, føler meg som ei velbrukt nålepute, men Nils har planar om å legge ut teiner. Sola var så vidt framme ei lita stund etter ei voldsom haglbyge.Kanskje eg heklar ein grytelapp?
Viss eg får ånden, skal eg ta meg av diverse eple som fell mot jorda i dette veret.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Fiskekakene ser flotte ut! Då vi var i Nordland i sommar, laga svigerinne Tove fiskekaker til oss av fisken som bl.andre Bjørnar fiska. Tove laga då 4-5 ulike variantar, som alle var kjempegode....Kjekt sommarminne! Her i huset blir det ikkje laga fiskekaker. Bodil har ikkje lært meg det :)he he. Hilde

Anonym sa...

De er flinke å lage fiskekaker!
No har eg lagt ut eplepaioppskrifta.
Den tek opp ei eldfast form, så eg veit ikkje om den er den beste kaka å fryse.
Solveig

Anonym sa...

Garnet som du fekk av meg var Opal! Skal eg kjøpe noko Opal til deg på tilbod? Eller kjem du ein tur sjølv i morgon? I dag var det kjempemykje folk på Eid. Det var nesten ikkje råd å parkere i sentrum! Opal har eit tigermønstra garn som er veldig populært til gensarar (og sokkar)...Hilde

Besta sa...

Eg var så sikker på at det garnet eg fekk heitte online, men no fann eg att badet som var rundt nøstet-og du har rett, det var Opal. Eg likte godt fargane som var i det nøstet, så det ville eg gjerne hatt meir av. Til genser f.eks.Så viss du er på butikken likevel så hadde det vore fint om du hanstra. Tigerfargane er eg ikkje SÅ glad i, men det er sikkert andre som er det. Så løp og kjøp!

Besta sa...

Hamstra ikkje hanstra!!!!
Vi reiser kanskje nedover til Kongsberg snart. Ev. til neste helg.

Anonym sa...

Der var nok ikkje meir av det garnet du fekk med meg....synd....
hilde

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...