mandag, september 10, 2007

Fargeval.

Mens Nils er på Samfunnshuset og tel opp stemmesetlar, sit eg framfor TV-en og gjer handarbeid. Sidan eg er bra i skuldra og nakken, kan eg strikke no. Men så er det sitteknuten som slår seg vrang!! Alltid noko som vert gale, same kva eg gjer.
I kveld har eg lagt siste hand på tre lestepar; strikka ferdig siste paret og festa trådar. No har eg 5 par i lestelageret mitt.
Paret heilt til venstre er strikka i garnet Fabel som eg har kjøpt på Nett-Strikk i Volda.Så kjem eit par i Regia og til høgre ligg eit par som eg har strikka av restane av Online -garnet eg fekk med Hilde. Dei måtte få tå i koksgrå Sisu.
Når det gjeld valet, veit eg ingen ting om resultatet i Ørsta. Men eg ser jo tendensane elles i landet. Det går nok som eg frykta ; vi blir sittande med ein gap av ein Frp-ordførar enda ei periode. Eg har trua med å utvandre til Volda om det skjedde!( Synd han ikkje les bloggen min.)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, valet er til å bli deppa av.... Har ei side til Lappetausa og andre anglofile: http://www.usingenglish.com/reference/idioms/
Elles er dei fleste sider/ordbøker som inneheld norsk omsetjing sjeldan gratis.
margrete

Anonym sa...

Trasig med FRP-framgangen, men det går no som regel opp og ned her i verda. Ikkje framgang for dei i Eid. Oddvar kom inn på fast plass AP (vara tidl.), stod langt nede på lista (var i nom.nemnda), har markert seg i skulepolitikken og kultur/idrett. Du får gå inn på Fjordabladet og lese om AP-ordførar Sonja, sjukepl. av yrke og har mor si på Eldretunet med demens. Vi snakkast. Bodil

Elin sa...

Takk til Margrethe, interessant! Så var det kakeoppskriftene då...her blir vi ikkje gjerandslause! Det er vel dagen derpå, ja. Ta eit glas vin, det hjelper kanskje...

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...