søndag, september 02, 2007

Samling i Starevegen 7.

No har eg vaska opp og rydda etter invasjonen i dag. Både Solveig og Margrete med fam. har vore her, så alt i alt var vi 13 til bords. Heldigvis var vi fordelte på to bord, dermed unngår vi vel allverdens ulykker.
Nils var kokk. Han laga gammal sjømannskost:Erter, kjøt og flesk. Den retten er han spesialist på!!! Seinare hadde vi kaker og kaffi, så det vart ingen slankedag akkurat. Ikkje meir god mat før til jul !!!!!! Den einaste som ikkje møtte opp var Audun. Det er no litt trist, men han føler seg vel både for gammal og for ung. Dessutan skulle han gjere lekser.
Olaug og Håkon var med på "Ørstaleikane" og sprang.Dei er begge med på friidrett. Ingen av dei tok gull, men som de ser på bildet fekk Håkon to medaljar. Olaug fekk ein fin ryggsekk i premie. Det var eit ausande regnver, så det var ein prestasjon berre å halde ut.
Som vanleg var det noko som stod att. Denne gongen ein stor sekk med klede som Solveig kom med til Margrete.
Kjøkkenet til kjellarleilegheita skal komme onsdag, og Peder nabo skal hjelpe til med å sette det opp.
Steffen, den nye leigebuaren, har vore her og sett på leilegheita i dag. Har sagt at han kan begynne å flytte inn så smått, for soverommet er ferdig.Han har kjøpt div. nye ting som han like godt kan lagre her. No er Nils ute og ser etter båten, om han held seg flytande.

1 kommentar:

Elin sa...

De har det kjekt! Nils får legge ut oppskrifta, eg blei svolta...

Dagbok 2024: 20.april

  Under over alle under, eg fekk til å legge ut bilda eg tok i dag føremiddag, eg trudde det aldri ville skje- Det verste er at når eg endel...