onsdag, september 05, 2007

Six feet under.

I dag kunne Nils endelig entre hola som han grov sist torsdag. Elles har ho berre stått og samla vatn.
Steffen, den nye leigebuaren, er så smått begynt å flytte inn, og så får vi berre vone at kjøkkenet kjem i dag. Planen er at dei, Nils og Peder, skal montere det i morgon.
Derfor vart eg lettare sjokka då dei ringde frå forretninga i går og sa at kjøkkenet vart to dagar forsinka. Det gode var at Nils var på kommunestyremøte, så det var eg som tok telefonen. Eg gikk omtrent opp i fistel og tok ordet KRISE i min munn. Peder skal nemleg reise til Oslo med helga og vil vere vekke på VEKESVIS. Eit par timar etter hadde dei greidd å ordne det.
NB: Eg var ikkje UHØFLIG.
Nils jobbar med sitt og eg med mitt. Hittil i dag har eg strikka litt, laga kjøttkaker og bolledeig. (Lagar grove bollar til Nils, han toler ikkje brødet mitt.)
Har vore nokså dårleg sidan sist eg var til behandling. Sist mandag fekk eg eit "anfall" av frost -skalv og hakka tenner, så eg måtte grave meg ned i tepper og dyner til eg fekk varmen att. (Det var ca 25 grader i rommet!) Og etter det har eg vore mykje betre. I morgon er det ny akupunkturbehandling.
I går kveld skreiv eg eit lesarinnlegg som eg sende til Sunnmørsposten. Veit ikkje om dei tek det inn.Det vil tida vise.
Ser fram til at kjellaren blir ferdig og vi kan bli fri til å farte litt viss helsa held.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Det var bra at det ordna seg med kjøkkenet! Lurer på kva du har skrive lesarinnlegg om? Blei litt nysgjerrig! I dag har eg vore ein liten tur til Volda. Fyrst ein tur på Nettstrikk, og som vanleg blei det kjøpt litt garn...hm hm..Trur ikkje eg tør å legge ut bilde på bloggen min, er litt skamfull (burde i alle fall vere det...Etterpå åt Ole og eg middag ute, handla litt og for opp til hybelen. Der måtte ho mor svinge vaskekosten litt både her og der...

Anonym sa...

Du sa du ville begynne å hekle! Følg med på bloggen min, snart kjem eit innlegg om mitt nye hekleprosjekt!!

Anonym sa...

Ser at du hadde frost-anfall for ikkje så lenge sidan. Det hadde Stein og då han fekk flåttbitt. Du har vel høyrt om vår "flåtte" bror!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...