På denne dagen går tankane 6 år tilbake til det som skjedde i NY.
På den bakgrunnen blir resultatet av valet i Ørsta ein bagatell som eg nesten ikkje gidd å ergre meg over. At Nils ikkje kom inn,tek vi med stor ro. Dei som kom inn var Jan Magne Dale, som er heiltidspolitikar og nr.1 på Fykestingslista for SV, og Audhild Baarholm som er lærar. Ho har ikkje vore i kommunestyret før. Misunner ikkje dei som skal sitte i møte med alle NISSANE frå Frp.Eg hadde den tvilsomme gleda å bli kjend med nokre av dei sist laurdag.Og eg må faktisk innrømme at dei var enda teitare enn eg trudde.
Gratulerer til Oddvar som er komen inn for Ap i kommunestyret på Eid . Flott!!!!
I dag tok eg fram heklekroken etter at han har kvilt i nærare 30 år. Dessverre fann eg berre ein som det stod 5,5 på. Det var ein skikkelig grovis. Men har ein bestemt seg for å hekle gryteklut, så heklar ein. Eg måtte bruke dobbelt garn, hadde kjøpt inn Tuva på Europris for å ha noko billig å øve meg på. La opp på måfå og hekla fastmasker fram og tilbake. Det blei ein skikkelig King Size - lapp og begge nøsta gikk med til siste tråd.
Hadde nokre som mamma hekla til meg ein gong som eg likte godt, dei var store og gode utan finurlege hol som fingra stakk igjennom. Denne er minst like bra og enda større. Viss eg no ser meg råd til å kjøpe to nøster til, kan det bli par!!!!!!
Steffen er nesten innflytta no, Nils er på det nærmaste ferdig i kjellaren, så i dag fekk han tid å grave att holet i plenen. Så får han kanskje tid å fiske????
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: laurdag19.september
I dag var det Amanda som fekk vere med i avisa No når eg ikkje gå r på skule eller noko anna,...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Alvorleg talt, eg ville fylt opp til randa! Men når det gjeld the King, så kan ein no ikkje ha metel på metel heller, som han sa guten. Eg innrømmer likevel at 2 meter hadde gjort seg!
Kva med å prøve toving av grytekluten, eg meiner viss han er for stor og slik...Sprekt at du hiv deg på heklebølga. Det neste blir vel ripples, det er kjempekjekt!
Kan vel ikkje tove bommullsgarn???Kan vere godt å ha når eg skal hadtere store bakebrett.
Legg inn en kommentar