lørdag, september 08, 2007

Laurdagshandel m.m.

I dag har eg hatt ein ganske kjekk dag.
Nils og eg var ned i Vik ein tur, der eg vart ståande på
Frp.- standen det meste av tida.
Det vart til dels heftige diskusjonar og eg fekk både
nye venner og uvenner i DET partiet.
Der var no eit par slike "julenissar" som skulle få det til
at eg var både dum og kunnskapslaus, men det vart no avsanna
av ei tidlegare AP-dame som eg kjenner godt.
Der var ein ung lærar frå Yrkesskulen som eg fekk god kontakt med.
Men ein må no lure når ein småbarnsfar forkynner at skule
ikkje skal vere leik men "blodig alvor".Då protesterte eg!!!!
6-åringar SKAL leike sa eg.Ein kan no begynne å lure...
Og så desse gamle gubbane som snakkar om kor mykje betre alt var før.
Eg sa som sant er at eg har aldri hatt det betre.(No snakkar vi om det materielle).

Eg likar å diskutere, men blir litt opptrekt også. Likevel greidde eg å la vere å bli ufin.
(Har litt problem der!)
Frp har stor oppslutning i Ørsta og det bekymrer meg.
Så vi for altså til Volda og åt lunsj på kafe-kebabrull denne gongen, og ikkje kinesisk.
Vi brukar å gå på kafe av og til. Det blei litt kluss med henting/ikkje henting av Eirik,
men det ordna seg. Desse mobilane er jammem kjekt å ha!!!!

Kjøpte ikkje så mykje anna enn mat, men eg fekk meg ei ny svart bukse på Kapp Ahl; ei som går opp i livet og ikkje sig nedover hoftene.Og så kjøpte eg litt garn, blant anna litt bommullsgarn til grytelappar.
No er Nils og Peder i gang att i kjellaren, og Steffen har vore her ein tur. Han hadde lyst å begynne å sette opp høgtalarar. Skal bli godt å få litt bråk i huset igjen !!!
Kjekt at han gleder seg til å flytte inn.

5 kommentarer:

Anonym sa...

i dag har vi laga oss blogg utan hjelp! olaug og mamma

Besta sa...

Då må de sende adressa til bloggen dykkar, Olaug og mamma.

Anonym sa...

Kjekt at du har kosa deg på stand.
Eg/vi har halde oss langt vekke frå all politisk duell - anna enn på TV/radio - og diskusjonen har vi sjølvsagt etterpå -i godstolen. Kaffi-tur med strikkemor/far og attepåklatten til Sagesetra i dag, vart litt våte på slutten. Klatten vart med oss heim, kosar seg med Elias og kongeskipet,og no ventar vi berre på lisjetausa som har vore på fotballturnering, foreldra på etterm.jobb. Bodil

Besta sa...

Vi "diskuterer" ikkje så mykje politikk i heimen; vi er stort sett heilt enige akkurat der.I dag ligg eg stort sett rett ut og verker, tolte visst ikkje utskeielsane i går. Heldige de som kan gå tur.

Elin sa...

Kan du skunde deg og fortelje meg kva eg skal stemme på i morgon, eg er sånn der "på gjerdet"type...Men er heilt klar på nokre alternativ som ikkje skal få stemma mi...hehe.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...