søndag, oktober 11, 2026

Dagbok 2026: 11.oktober

                                                               Kveld i Starevegen

Klokka er no 18.04, det er ganske fint ute no, men eg har vore inne heile dagen, så då går eg ikkje ut no.

Det har vore opplett i dag og ganske fint, men eg har gått inne og tusla heile dagen åleine. Det er alltid noko å gjere, eller finne på, som eg har å styre med. I dag la eg siste handa på eit lestepar eg hadde strikka, så har eg lese noko i boka eg fekk i går. Det eg ikkje får til, er å sjå TV, for no skal eg aktivere. Det har eg gjort før, og det fekk eg til, men no lykkast eg ikkje med det. Viss Erlend kjem heim tidleg nok, så hjelper han meg. Eg blir av og til så irritert på alle desse "nye" tinga som vi har fått og må sette oss inn i. Dei unge greier det fint, ser det ut til, men mange gamle har problem. Og ikkje alle har nokon som kan hjelpe sånn med ein gong.

Det er fint ute i kveld, så viss det er like fint i morgon  kan det hende eg få gjort litt i hagen. Det er kjekt å få rydde opp litt før snøen kjem-viss han kjem då.

I dag har eg kosa meg med god middag som eg fekk med meg heim frå Solveig i går, Eg trur der er nok til ein dag til. Eg er ikkje så flink å lage midag til berre meg sjølv-det er kjekkare å lage til fleire.. 

Eg kan no sjå litt TVher på datamaskina viss ein vil,men eg synest ikkje det er så kjekt-det er vel ikkje katastrofe om eg blir utan TV ein kveld?

 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 11.oktober

                                                               Kveld i Starevegen Klokka er no 18.04, det er ganske fint ute no, men eg har ...