fredag, november 07, 2008

Timetjuven!

Kven siktar eg til? Jau,Mister Packard Bell personleg ! I dag har eg hatt mykje trøbbel med han. Ikkje berre har han nekta å lystre ordre, han har funne på ting heilt av seg sjølv, rota til-og vekk -program og mykje anna. Og timane går. Tid som kunne vore brukt til nyttigare ting.
Når sant skal seiast, er det vel eg sjølv som er den skuldige. Det er EG som gløymer kva programma heiter og korleis eg skal få dei til å fungere m.m.
Men så har eg altså fått alt i orden igjen, og maskina virkar som ho skal.
Då er eg veldig tilfreds med meg sjølv, og glad for å sleppe å bry andre med data-problema mine. Så kanskje var ikkje tida så bortkasta likevel?
God helg til alle blogglesarane mine!

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Veldig fin bakgrunn du har no (Fall)!! God helg til deg og!

Hildegard sa...

I min tidlegare jobb kalla vi det "tidrøvar", det kunne vere kollegaer eller kundar, og vi måtte lære å takle det også! Enig med deg i at timane går fort når ein sit ved PC-en, og endå fortare viss ein plagast. Eg slit også med at eg gløymer korleis ting skal gjerast, men trur det har mest med det å gjere at eg ikkje sit så mykje med dataen no som før - og sjølvsagt manglande interesse. Eidabesta

solveig sa...

Eg rekk ikkje alltid å vere heime når det er lyst. Så det får bli av og til. Men no har eg fått vervarsel;-)

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...