onsdag, november 05, 2008

Eit historisk val.

Endelig er det avgjort og USA har fått ny president. Eg er veldig glad for at det vart Obama, og føler trang til å feire. At nokon i det heile tatt er villige til å ta på seg ei slik oppgåve som det er å rydde opp i USA etter tidas mest udugelige president, er meir enn eg forstår. Eg er i alle fall glad for at det ikkje er min jobb!
At USA har valt sin første "svarte" president er også historisk. Men sei meg:Kvifor vert Obama karakterisert som svart når mor hans er kvit amerikanar? Han er no like mykje kvit som svart.
Vi får i alle fall håpe det beste for heile verda, vone at han vil prøve å skape fred i staden for krig og hat slik som forgjengaren gjorde.
Hadde eg hatt e-postadressa skulle eg skrive ein mail til han og gitt gode råd. Etter som eg har forstått er han oppteken av bestemødrer.

6 kommentarer:

Hildegard sa...

Det kan sjå ut som du har vore oppe i natt og sett på valget? Populært at Obama vann, skaper optimisme for mange. Artig med dine betraktningar om kvitt/svart, men det er vel alltid slik at den mørkaste fargen dominerer?
Eg måtte berre sove, oppe før sju og starta vekking av 4 barnebarn!
I morgon fer vi på dagstur til hytta for å stenge for vinteren. Skal kjøpe frossen fisk for vinteren hjå Larsen også. Eidabesta

Besta sa...

Eg var IKKJE oppe i natt, men sette på TV så snart eg var oppe i dag.Nils har drive og fiska litt, men har ikkje fått dei heilt store fangstane. Vi er heilt avvande med å kjøpe fisk, så no stressar han litt med å fylle opp lageret. Vi hadde med oss mykje fisk til Kongsberg då vi var der i september.

solveig sa...

Når du ser han saman med farsslekta er han lys. Det er vel fleirtalet, dei kvite amerikanarane, som definerer.
Vi sat ikkje oppe i natt. Før vi la oss sa ø at han hadde mareritt om å vakne opp med Sarah Palin.

Besta sa...

Ja, då ville eg heller vakna opp med Obama, ja!
Og det gjorde eg for såvidt også-men berre på TV.
Trur den gode Pahlin øydela mykje for partiet sitt.

Hildegard sa...

Vi er heldige som bor i eit lite land med ca. 5 mill innb. -
New York by har 8.2 mill innb.
USA er ein stor nasjon med mange delstatar, eit konglomerat av forskjellige folkegrupper og trussamfunn, fleire tidssoner og stor skilnad på klima frå sør til nord. Sikkert ikkje ein lett nasjon å styre. Vi får ønskje den nye presidenten lukke til med jobben og håpe at ALLE, både lønnsmottakarar, næringsdrivande og politikarar skjønar at dei må regulere banksystemet, toppløner m.v. for å få orden på økonomien.
Hugsar godt på slutten av 80-talet då min bank med fleire gjekk konkurs. Eidabesta

Besta sa...

Kan berre seie meg 100% enig i det Hildegard skriv.Eg forstår ikkje at nokon vågar å ta på seg den oppgåva det er å "styre" USA + ha ein finger(minst)med over alt elles i verda der det skjer noko. I tillegg til økonomien har dei eit kjempearbeid med å skape eit skikkelig trygdesystem for alle. Men då må dei vel betale skatt, og det er neppe populært.Obama treng all den hjelp han kan få.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...