søndag, november 16, 2008

Er dette vanleg....?


I dag kom det ei lita jente og selde snop og kaker på døra. Nils var ute og kjøpte ein boks. Men vi stussa begge då vi såg at overskotet skulle gå til skuletur (leirskule?) til Bjørnsund for 6.klasse ved Velle skule.
At ungdomsskule-elevar sel diverse saker for å kunne reise til Polen til dømes, er vanleg, men eg trudde ikkje barneskuleelevar vart sende på tiggarstien?

4 kommentarer:

solveig sa...

Det er ikkje lov! Leirskule i 6. klasse er obligatorisk og skal betalast av kommunen! Eg kjøpte av ei 10.klasse. Det er til avslutningstur som dei har funne på sjølve. Eg kjøpte dei til den helga svogeren min var her. Det er gode kjeks.....
Karameller er eg ikkje glad i. Ikkje kjeks heller for den del, men mange vil ha litt til kaffien.

arieldog sa...

Vi selde og kjøpte mykje av denne sorten i fjor, og det var til inntekt for tiandeklasseturen. å samle inn pengar på ulikt vis kan vere god læring for borna, men eg synest gratisprinsippet blir tøvete på vidaregåande. Der kan de heller jobbe i fritida og spare på privaten utan alt styret som fyl med slike innsamlingar.

Besta sa...

Det eg reagerte på var at dette var for 6.klasse i Barneskulen, og at dei selde i eit heilt anna strøk av bygda enn der dei bur. Der står SKULETUR på boksen, men sidan der er leirskule i Bjørnsund, er eg litt skeptisk.Eg meiner at leirskule bør vere bortimot gratis, men skuleturane får elevar/foreldre ev. betale. At dei i 10.klasse sel diverse varer for å komme seg på "studietur" til Polen, er ei anna sak.-Og som regel sel dei kaker etc. i nærmiljøet og til familie og kjende.Eg vert
verken rikare eller fattigare om eg kjøper, det er prinsippet eg er imot.

solveig sa...

Heilt enig. Leirskule er heilt gratis her. Litt utgifter for foreldra vert det uansett til utstyr. De kjøpte t.d. dress til Håkon i si tid. Vi har fått lister i god til før jul. Dei får undervisning i skigåing, snøholelaging m.m. av leirskulelærarar. I og med at det står i læreplanen, skal ungane ikkje sendast på tiggarferd.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...