onsdag, november 19, 2008

Hobby-nytt.

I dag fekk eg melding om at der var kome ei brev-sending til meg som var for stor til postkassa. Dermed henta Nils pakken som viste seg å vere Opalgarn frå Maud´s garn. Då eg bestilte garnet spurde eg om å få betale via Nettbanken, og det gikk bra. Dermed slapp eg å betale gebyr, men betalte berre frakt i tilleg til garnet.Eg bestilte mykje meir enn det som kom i dag, så det kjem an på om der kjem ein pakke til.Eg har no arbeid ei stund med dette, for garnet er tynt.
Nils fekk båten på land forrige veke, men så står litt båtpleie for tur.I dag fekk han to naboar til å hjelpe seg med å snu båten. Han har vaska den ganske rein, men så skal han smørje på eit stoff som han skulle ha kjøpt på Biltema, som vi dessverre ikkje har her. På Mekk er det mykje dyrare, så det spørs om vi må reise til Moa...............................
Ingeborg har jobba på Møre-Nytt i tre dagar no og likar seg godt. I morgon skal ho intervjue ein mann heilt åleine,ein ho ikkje kjenner, det gruar ho seg litt til.Både Margrete og Lars kjenner han, så eg trur det går bra.
Vi skal på besteforeldrefest på Hareid, det er Håkon sitt klassetrinn som står for invitasjonen.Det blir sikkert kjekt.




7 kommentarer:

Elin sa...

Er det ikkje kjekt med netthandel vel? Utruleg enkelt, og fort gjort, berre nokre tastetrykk, farleg, farleg...
Sokkegarnet er kjempegodt og veldig fint, her har du arbeid lenge. Og meir i vente? Hm...
Til innlegget under, jau, det er nok meir vanleg enn ein anar. 7. kl. på min skule driv i alle fall med det same, for å finansiere skuletur m.m. Trist utvikling, men det blir visst verre, ifølgje media.

arieldog sa...

Netthandel er heilt supert! Her hos oss har vi ostmann som tek med seg pakkane og set dei på trappa eller inn i gangen viss vi ikkje er heime... Meir service kan ein vel ikkje forvente?

Besta sa...

Ja, det er kjekt å få pakke i posten! Men når ein bur såpass sentralt, så kunne ein forvente litt betre utval av garn i butikkane. Det er vel ikkje så mange som strikkar lester av så tynt garn ? Reknar med at eg har garn ei stund no.

Hildegard sa...

Kjekt og sytalaust å strikke lester. I dag fekk Helene med seg to par som eg var ferdig med, gløymde å fotografere, men pytt, pytt. Trur jentene er flinkare å bruke varme lester enn gutane. Akkurat no strikkar eg av garnet som eg overtok etter Strikkemor, SISU Fantasy, nydeleg mørk lilla "melert". Det er også tynt, men det blir mjuke sokkar av det.
Eidabesta

Besta sa...

Akkurat no strikkar eg også Sisu.Har brukt mykje av det garnet, men det mest slitesterke av dei tynne garnsortane trur eg er Regia.Det finst også i 6-tråda, det vert gode og sterke vinterlester. Nils brukar strikkasokkar heile året; gutane på Hareid likar også heimestrikk.(Trur eg).Ingeborg fekk eit par som eg hadde liggande. Det vart så hustre ver.Eg har begynt å bruke strikkalester i croxane, då blir eg ikkje klam på beina.Trur eg kan strikke lester i søvne snart.

Hildegard sa...

Det var vel du som anbefalte meg Sisu-garn i si tid, har strikka litt av det og likar det godt. No har eg leita fram ein bærepose med melert Raggegarn som eg overtok etter Strikkemor i fjor. I desse finanskrisetider må ein nytte det ein har. Det må vel vere ein kvan som har bruk for tjukke lester - f.eks. Lappefar? Det er berre å melde seg på.
Eidabesta

STRIKKEMOR(O) sa...

Herleg garn du fekk i posten! Eg likar også veldig godt netthandel, men det er to sider med det og, som med alt anna. Detaljhandelen slit for tida, og litt av det skyldast vel all netthandelen!? Høyrde om ein som driv skobutikk i Førde. Der opplever dei at kundar kjem for å prøve sko, for så å gå heim og bestille dei på nettet for å få dei litt billegare. Dette synest eg er simpelt gjort, og kortsiktig politikk! Men er det ting ein ikkje får tak i lokalt, og som ein kanskje utan hell har prøvd å få butikken til å ta inn, er det supert at ein kan få kjøpt det på nettet!!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...