fredag, november 21, 2008

"NY" britisk krim.

I dag vart eg endelig ferdig med denne boka. Det har teke si tid å lese den. Ikkje fordi ho er kjedelig, men fordi eg har prioritert andre ting enn lesing i det siste.Når ein brukar lang tid på ei bok, blir det liksom litt langdrygt. Derfor vil eg ikkje komme med vurdering av denne boka, berre fortelje at det er bok nr. 2 av i alt tre (til no) om etterforskaren Tom Thorne. Eg har også lese den første, som heiter Sov godt.
Nummer tre er komen på norsk under tittelen Slappfisk. DEN trur eg kan bli givande.
Det var kjekt på besteforeldrefesten på Hareid i går, men bilda eg prøvde å ta er ubrukelige på bloggen.

7 kommentarer:

solveig sa...

Festen begynte ein halv time tidlegare enn andre år, så eg var fullt opptatt heilt til festen begynte. Så eg har heller ikkje bilde. Men der kom journalist.

solveig sa...

Den forfattaren har eg ikkje høyrt om før. Treige titlar må eg seie.

Besta sa...

Det er ein forholdsvis ny forfattar. Sov godt, var første boka på norsk.Du får google han. I første omgang kan du lese det som står på bloggbildet.Eg treng ikkje skrive det ein kan lese andre stader.

Besta sa...

PS. Titlane har ei mykje djupare meining enn det ein først trur.Dette er psykologi!

Besta sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...

Det går litt treigt med lesinga for meg også for tida. Likar godt å lese i dagslys (får skulde på alderen), men då er det så mykje anna som er kjekt å gjere. Kveldane blir det mykje TV. Biblioteket driv på sparebluss i midlertidige lokaler, blir nok betre utval og meir interessant å gå der når det flyttar inn i det nye Skule- og operabygget. No les eg pocetserien "Damenes detektivbyrå nr. 1" av Alexander McCall Smith, anbefalt av LilleMø m/fl. i fam. Litt original handling frå Botswana Afrika. Eidabesta

Besta sa...

Eg strikkar mens eg ser TV eller les lydbøker.Før, då eg måtte ligge halve dagen, vart det meir lesing.Eg har lese ei av bøkene i serien om Damenes detektivbyrå (i papirutgåve). God avslapping, men når ein les så mykje som eg har gjort, synest eg at eg må ha noko å bryne meg på. I går begynte eg på ei (lyd)-bok som heiter Fredagsstrikkeklubben ! Blir litt lei av krim, så dette kan bli ei kjekk avveksling.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...