fredag, november 28, 2008

Karstens fruktkake.

Eg lagar ikkje særleg mykje kaker til jul, og slett ikkje småkaker. Det er to kaker som har utvikla seg til å bli tradisjon; det er den brasilianske fruktkaka, som eg la inn på bloggen i fjor, og Karstens fruktkake. Kvar den oppskrifta kjem ifrå, veit eg ikkje, men den er skriven med Solveig si skrift i den handskrivne oppskriftboka mi. Ein kan lage den som skuffekake, men eg brukar som regel ei rund form på 24cm i diameter, for kaka hever seg ikkje så mykje. Eg steikjer den ca 1 time på 170 grader, men det er slikt ein må finne ut av sjølv.

Oppskrift:

Karstens fruktkake.

Rør kvitt: 250 gram margarin+2 dl sukker
Tisett: 5 egg, eitt om gongen
Ha i: 4,5 dl kveitemjøl
1 teskei bakepulver
50 gram hakka mandlar
50 gram rosiner
250 gram knust ananas ( eg brukar to små boksar med ananasbitar)
Til slutt: 3 spiseskeier ananassaft

Til pynt: 1 plate kokesjokolade smelta i vannbad i lag med ein klatt smør
10 halve valnøtter
(Ein kan sjølvsagt pynte med det ein vil, men det er lurt å ha glasur på kaka, då held den seg saftigare)

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg synest å hugse at du hadde lånt vekk bakeboka di ein gong vi skulle ha selskap (1980), og at det dermed vart prøvd ut mange nye sortar.
No ser ein ikkje crushed ananas meir, men spar har ein billeg i passeleg størrelse som er i småbitar.

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...

Dette såg godt ut. Frys du kaka?
Eidabesta

Besta sa...

Ja eg frys kaka innepakka i aluminiumsfolie og har på glasur når eg tek den opp.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...