mandag, november 24, 2008

Mammas aniskringler.

Eg bad mamma om oppskrift på aniskringler ein gong, og det fekk eg, men eg laga dei aldri. No ser at Solveig har opp til fleire oppskrifter på bloggen sin, så då vil eg komme med mamma si også.

1/4 kg kveitemjøl
80 gram farin
100 gram margarin
1/2 teskei kardemomme
1 teskei anis
3 1/2 dl melk
40 gram gjær

Smuldre margarinen i mjølet, ha i anis, kardemomme og sukker.
Rør gjæren ut i melka, ha det i og bland deigen lett saman. Lat heve til dobbel storleik. Elt deigen og lat den stå i 15 minutt til.Del deigen opp i ca 40 emne og trill kvart emne til ein ca 30 cm lang rull som ein formar til ei kringle.
Etterhev godt over damp, pensle med egg og steik ved 250 grader i 4-5 minutt.
NB: Kan dessverre ikkje legge ved bilde i dag-men kven veit?

7 kommentarer:

solveig sa...

Dei er ikkje så forskjellige... Her må du smuldre smør og mjøl. Visss ein brukar kniven i foodprossessoren, så går det fort. Raud gjær fanst ikkje då. Den et litt sukker meiner eg, slik at ein må ha meir sukker, men då hevar dei meir. Egg og meierismør forringar heller ikkje.....

solveig sa...

p.s.
Mormor sine aniskringler var kjempegode. Og bollane! Eg hugsar bror vår brukte å få med seg ein pose heim.

Besta sa...

Eg har ikkje særleg peiling på aniskringler. Men stort sett er eldre oppskrifter (med unntak av Schønberg Erken o.a.) meir sparsommelige med t.d.sukker, egg og anna som var relativt dyrt eller vanskelig å få tak i.
NB:Mine bollar er heler ikkje å forakte! Brukar oppskrifta til TV-Wenches Solskinnsboller. Den ligg på nettet.

solveig sa...

Ikkje mine heller....
Eg har utarbeida mi eiga.
Den hemmelige ingrediensen er nok handlaget ein får av erfaring. Eg bakar rundstykke kvar dag på jobb og treng berre sjå på, ikkje ta i gjærbaksten,for å vite kor tid han er ferdigheva. Elevane lurte på kva det betydde at den skulle hevast til et lett fingertrykk går sakte tilbake.

Hildegard sa...

Kan ikkje hugse at eg har baka aniskringler nokon gong. Kva har eg gått glipp av? Kanskje ungane mine hugsar noko frå farmor si tid?
No skal eg i alle fall prøve, kanskje veslejenta vil hjelpe meg? Takk for endå ei oppskrift. Då eg lærde å bake grovbrød heime i Torvika, 10 - 12 år gamal, brukte vi å sjekka om deiga var nok heva ved å lyfte opp litt av deiga og stikke inn under ei tend fyrstikk. Slokna fyrstikka var deiga ferdigheva. Effektivt, sikkert eit kjerringråd. I dag baka eg 36 bollar etter oppskrift på den blå (Møllerens?) mjølposen. Fekk uventa besøk av storegut i Kvh.v. og han forsynte seg godt. Kjekt å glede ungdomen av og til.
Eidabesta

Besta sa...

I dag gjorde eg eit lite eksperiment når det gjeld brødbakst. Hadde noko ballmjøl(klubb-) ståande; den typen som er berre å tilsette vatn.Fann ut at eg kunne ha litt av det i brøddeigen-og brøda vart gode, dei. Men hadde eg hatt for mykje i så hadde det smakt ball. Elles var det fint å bli påmint av Eidabesta om det gamle fyrstikktrikset, hadde heilt gløymt det.

solveig sa...

Eg hugsar det og frå Espelid si tid. Ho var pedagog! På skulekjøkenet må vi ofte jukse med førstehevinga.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...