mandag, november 24, 2008

Erlend 5 år i dag!


I dag fyller minsteguten på Storebakken fem år.Å vere den yngste av fire, har sine sider, på godt og vondt.Erlend er ein veldig kjekk og snill gut,med mykje fantasi og temperament. I går var han her med oss mykje av dagen mens dei andre dansa ballett, og då er det stor lykke å få ha datamaskina åleine i timesvis.Akkurat no er det Indiana Jones -episodar på You tube som er det store.Han var litt ergerlig fordi han hadde gløymt hatten sin, men ein gammal cowboyhatt, som stammar frå ein countryfestival på Skjåk, fekk gjere nytta. Indiana Jones-legoen som han fekk med oss forrige helg, gjorde stor lykke, vinterdressen som han fekk no, var ikkje fullt så populær- med det same. Det kom seg etter kvart.
Vi gratulerer Erlend så mykje med dagen, som sikkert vert feira i barnehagen.

1 kommentar:

arieldog sa...

I dag tidleg fekk han ein Lego brannstasjon i pakke, og heller ikkje det fall i smak med det same. Trur vi må øve litt før jul...