onsdag, november 26, 2008

Telefonsal.

Solveig har hatt diverse innlegg om dette før, og i dag skal eg komme med mi siste "takling".Vil ikkje seie at eg er direkte stolt av den.
Men i dag ringde det altså ei dame, som presenterte seg,og spurde om det var Olaug Marie. Då lukta eg lunta..... Så begynte ho med den leksa om at eg hadde vore ein god kunde....osb.Og der tente eg, og vart med eitt SVÆRT så veltalande. Eg heldt eit fleire minuttars innlegg utan å sleppe henne til, og så la eg på.

Nils heldt seg roleg så lenge det pågikk, men så begynte han å le!Trur ikkje han har hatt det så morsomt på lenge.Men eg fekk litt bondeanger og tenkte på henne som eigentleg berre gjorde jobben sin.
No veit eg at det er lov å ringe opp til tidlegare kundar sjølv om dei har reservert seg, men kor mange gonger?

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Eg har også hatt "bonanger" etter slike samtaler, men som du seier, dei gjer berre jobben sin. Det er eigne tlf.selgerfirma som blir leigde til å ringe og det er ofte studentar og arb.ledige som tek slike jobbar. Eg prøver å vere tidleg ute i samtalen og seie at eg ikkje er interessert, og det blir respektert. Hadde besøk av Jehovas Vitne på døra søndag og dei respekterte at eg sa det. Likevel hadde eg ein ekkel følelse. Besten er hyggjelegare i slike situasjonar - merkeleg nok!
Eidabesta

Besta sa...

Nils flirar enno! Det første han sa etter at eg hadde lagt på, var at no skulle han også begynne å vere litt tøffare i slike situasjonar.Ein vil no gjerne vere hyggelig og høflig, men når ein har sagt ifrå om at ein ikkje vil bli oppringt, så bør det respekterast. Då bør dei ikkje prøve å lure seg inn div. bakvegar.Men eg sa ikkje eit einaste "stygt" ord. Varskudde berre tydelig om at når det er noko eg VIL ha, så bestiller eg eller kjøper eg det.

solveig sa...

Når dei ringer og forstyrrar folk, får dei tole det meste. Eg har gått over til å seie "Nei, takk". Men eg lar dei snakke ferdig, og det kan ta si tid. Øystein seier nei med ein gong og legg på. Eg likar å plage dei med lengst muleg samtalar utan å vere interessert. Spesielt artig er det med dei som ikkje skal selje, det å minne dei på det etter nokre minutt, meiner eg.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...