fredag, november 14, 2008

Nils fyller år.
















I dag er det 72 år sidan Nils kom til verda heime i det nybygde huset i Trovågen. Nokre få dagar før hadde familien, mor, far og 1 1/2 år gamle Anne Marie, flytta frå Ura,over Myra og bort på Muren og inn i nyehuset. På kammerset der kom odelsguten til verda. Som dei fleste fiskarfamiliane på den tida hadde også dei eit lite gardsbruk med eit par kyr, nokre sauer og gris. Det var sjølvbergingshushald som galdt. Seinare kom det enda to gutar til i familien, den eine av dei kom bort på sjøen i1956, same året som dei fekk elektrisk lys på staden.
Det var i 1958 eg kom til denne vesle grenda som lærar, rett frå gymnas, og det varde ikkje lenge før vi fann kvarandre. Sidan har vi halde i lag. Dei siste 43 åra har vi budd i Ørsta, men sjølv om han har flytta "fra fjord og fjære til fjell og dypen dal", så har han framleis interesse for fisking. Det er både matauk og hobby. I dag har han teke båten på land for vinteren, men sidan den står på vogn, kan han ta ein tur ut om det skulle høve slik.
Nils har mange gode eigenskapar, særleg set eg pris på at han har eit stabilt og godt humør.Eg ønsker han til lykke med dagen.
PS: Fjellbildet er frå Romedalen.

6 kommentarer:

Elin sa...

Du må gratulere Nils så mykje med dagen, har ser ikkje ut til å vere ein dag over 65! Han må ha fått godt stell...

Hildegard sa...

Koseleg innlegg. Gratulerer med dagen, Nils.
Eida-besten/besta.

STRIKKEMOR(O) sa...

Gratulerer med 72 åringen! God helg!

solveig sa...

Gratulerer med dagen! Eg prøvde å ringe, men fekk ei dame på tråden som sa noko om midlertidige problem med linja. Men vi snakkast i morgon!!!

Besta sa...

Det problemet kan ikkje ha vart lenge, for her har vore telefonar inn og ut i heile dag.Men vi sjåast i morgon.

arieldog sa...

Gratulerer frå alle her - vi sjåast i morgon!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...